Framdriftsplan i handsaminga

Kommunestyret skal handsame budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 den 12. desember. Slik er prosessen fram til endeleg vedtak.

Handsaming i folkevalde organ

Budsjett og økonomiplan skal vedtakast av kommunestyret den 12. desember.

Før den tid skal administrasjonen sitt framlegg jobbast med i ulike folkevalde organ:

 

Innstilling og høyring

Det er formannskapet som sender innstilling til budsjett og økonomiplan. Denne innstillinga kjem etter vedtak i formannskapet sitt siste møte den 26. november.

Etter dette vil formannskapet si innstilling bli lagt ut på høyring i minimum to veker, der alle innbyggjarar i "nye" Volda kommune.

Folkemøte

Det vil verte folkemøte der alle interesserte kan kome for å få eit litt nærmare innblikk i korleis kommunen ser føre seg å forvalte pengane dei neste fire åra.

Delta gjerne på Facebook-hendinga Folkemøte om kommunebudsjettet 2020.

Endeleg handsaming

Kommunestyret er organet som vedtek det endelege budsjettet for 2020 og kommunen sin økonomiplan for perioden 2020-2023.

Endeleg vedtak vert gjort i årets siste kommunestyremøte den 12. desember.

Relevante møtedokument vil verte publiserte i møteportalen nærmare møtet.