Rådmannens forord til årsbudsjettet 2020

Det er med tungt hjerte at rådmann Rune Sjurgard legg fram forslag til økonomiplan som føreslår store kutt dei neste fire åra.

Budsjett 2020: Forord frå rådmannen

Veksten i inntektene vesentleg redusert

Det første budsjettet og økonomiplanen for den nye kommunen er ein historisk milepel og markerer ei ny tid.

Det ligg eit stort arbeid bak det å få den nye kommunen klar til drift. Dei tilsette har gjort ein ekstraordinær innsats og politisk har prosessen også vore handtert godt. Vi har fått på plass ei god administrativ organisering med gode og engasjerte leiarar.

Samanslåinga vil også kunne gi økonomiske synergiar, men det vil ta nokre år før ein får full effekt. Mange av samanslåingskommunane melder at dei ikkje ser att gulrøtene staten lokka med.

Det vert hevda at det derfor vert vanskeleg å framsnakke kommunereforma. Vi opplever også at inntektsveksten i 2020 vert svært låg. Dette skaper svært store utfordringar, og det går tungt inn på meg at vi må foreslå så dramatiske tiltak for å ha balanse i økonomien.

Det er svært lite ynskeleg å starte ein ny kommune med forslag om kutt på 10,2 mill i drifta allereie det første året og 46,6 mill samla for økonomiplanperioden.

Dette vil ramme mange. For neste år er det både konkrete kutt og uspesifiserte tiltak som skal avklarast nærare når vi får framlagt analyse av drifta frå KS Konsulent.

Dersom kutta i hovudsak skal takast på nedbemanning utgjer det 40 årsverk i løpet av dei komande fire åra. Det mest dramatiske vil vere at tilsette vil måtte seiast opp dersom vi ikkje vi ikkje greier nedbemanninga ved naturleg avgang

Heile samfunnet og kommunen som organisasjon har vorte meir komplisert. Det er vanskeleg å sjå samanhengane, og det er lett at ein frå utsida tenkjer at ein kommune har pengar til alt.

Vi må leggje aktivitetsnivået ut frå tilgjengelege inntekter. Det som har gjort situasjonen så vanskeleg i 2020 er at kommunesektoren får ca 3,8 mrd lågare vekst i inntektene samanlikna med 2019.

Kommunane har i fleire år hatt vesentleg høgare vekst i frie inntekter (skatt og statleg rammetilskot) enn det som har vore budsjettert.

Men når veksten i dei frie inntektene for 2019 kan kome på 5,1 mrd medan vekstanslaget for 2020 er nede på 1,3 mrd, så må kommunane redusere utgiftene vesentleg.

Volda får ein vekst på 15,2 mill i 2020 og er ikkje nok til å dekkje lønsveksten. Inntektene knytt til flyktningar går ned med ca 20 mill siste to åra, avdragsutgiftene aukar og vi har stor auke i utgifter til rettigheitsbaserte tenester innanfor oppvekst og pleie- og omsorg.

Varsla behov for omstilling har vorte til hard verkelegheit

Mange spør seg kvifor kan ikkje staten overføre meir pengar til kommunane når vi har eit oljefond på 10 000 mrd. Den enkle forklaringa er at vi har ein kunstig økonomi 5 med ca 250 mrd i underskot på fastlandsøkonomien.

Dei offentlege utgiftene har auka formidabelt siste åra, og veksten i den offentlege økonomien må dempast for å ha konkurransekraft i den nasjonale økonomien.

Vi er ein liten økonomi i verdsøkonomien og kan ikkje leve lenge med svak kronekurs. Sentrale økonomar har peikt på dette i fleire år. Regjeringa har også varsla reduksjon i den offentlege økonomien i Perspektivmeldinga og i statsbudsjetta siste åra.

Samtidig vert det innført nye rettigheitsordningar og normer som medfører auka kommunale utgifter. Ved inngangen til 2020 merkar vi på alvor at spådomar og signal om krav til omstilling har vorte til hard verkelegheit.

Fire år på å omstille oss – vi brukar opp fondsmidlane

Vi må innstille oss på ei formidabel omstilling der særinteresser må bu seg på å vike for å ivareta heilskapen og det overordna oppdraget til kommunen.

Det må flyttast pengar frå barnehage- og skuledrifta med minkande eller stabilt behov til pleie- og omsorgstenestene som har veksande behov.

Pleie- og omsorgssektoren må også omstille og sjølv frigjere midlar til omfordeling av ressursar for å dekkje opp aukande behov. Alle må effektivisere og arbeide på nye måtar for å gjere meir med same eller mindre ressursar.

Det krevst radikal tenking og nye måtar å organisere drifta på. I tillegg vert det også behov for å redusere nivået på tenestene gjennom direkte kutt.

Situasjonen er så alvorleg at det er ikkje sikkert vi har økonomi til å stette alle lovkrav. Tida er inne for at vi får ein nasjonal debatt på kor mykje ansvar det offentlege skal ta innanfor den private sfære.

Ein kan oppleve at regjering og Storting ikkje har magemål for kor mykje oppgåver som skal løysast og finansierast av kommunane. Sjølv om ein kan stille spørsmål om dette, må vi omstille oss for å tilpasse utgiftene til inntektene.

Det hastar med å dreie ressursar frå skule og barnehage med færre einingar. Det hastar vidare med å flytte ressursar i tenestetrappa til dei som har mest behov.

Institusjonsplassane må reserverast korttidspasientar, nokre få mest komplekse somatisk sjuke og pasientar med behov for skjerming.

Det vil vere behov for redusere talet på heildøgnsbemanna omsorgsbustader og flytte ressursar til styrka tiltak i heimetenesta og rehabilitering. Men dette vil ikkje vere nok. Ein kan ikkje forvente tenester på ein standard utover det som kommunen etter lova er plikta å yte.

Alle må vere budde på endring. Vi må ta sikte på å ta ut effekt av nye verkty og arbeidsmåtar gjennom nyskaping og digitale verkty. Vi treng samarbeid gjennom samskaping med frivillige og private aktørar. Vi vil bruke opp oppsparte fondsmidlar og vil ha fire år på oss til å omstille oss.

Høg gjeld gir lite handlingsrom

Utgifter som aukar meir enn inntektene kombinert med for høg gjeld er hovudbildet på Volda. Med ei gjeld som er ca ein og ein halv gong over inntektene burde vi ikkje investere dei komande åra.

Varsellampene bør lyse når gjelda passerer inntektene. Vi har eigentleg ikkje økonomisk handlingsrom til ny ungdomsskule, svømmeanlegg og brannstasjon.

Dagens ungdomsskule har svært store bygningsmessige manglar, og vi manglar svømmeanlegg til lovpålagt svømmeundervisning.

Den nye kommunelova pålegg kommunestyret eit tydelegare ansvar for økonomisk styring med krav om økonomiske måltal. Dette inneber at gjelda må ned, og ein må innstille seg på at framtidige investeringar utover ungdomsskule og svømmeanlegg må ned på eit nivå under årlege avdrag (under 45 mill).

Det vert nødvendig å foreslå at eigedomsskatten vert auka til 3 promille i 2022 og 4 promille i 2023 for å få plass til desse investeringane.

Staten brukar kommunane i utbygginga av velferdsstaten. Ca 80 % av kommunebudsjettet går til velferdstenestene. Særleg i tider med nedskjæringar og omstilling i drifta, så vert nesten all arbeidskapasitet bunden opp i tenestene og intern organisasjon. Det er likevel viktig at vi kan ha fokus på samfunnsutvikling.

Volda kommune må vere på klimadugnaden. For å ha positiv folketalsutvikling og rekruttering av kompetanse, bør vi leggje til rette for vekst i arbeidsplassar og bustadbygging.

Det må gjerast prioriteringar dersom dette skal gi seg utslag i faktisk handling og ikkje verte symbolpolitikk.

Folk treng kunnskap for å erkjenne endring

For å få eit folkeaksept på endringar må vi få ut kunnskap om dei kompliserte samanhengane. Dette er vanskeleg, og enkeltsaker kan lett verte trekt ut av samanhengen.

Administrasjonen vert da ofte opplevd som forkjempar for sentralisering, som ikkje bryr seg om bygdene, eller enkeltgrupper. Administrasjonen har eit fagleg ansvar for sjå heilskap og dei samla konsekvensane.

Når utgiftene må ned, vert administrasjonen også nødt til å kome med upopulære tiltak som røyver ved særinteresser.

Når det gjeld kommunen sin økonomi, så er det lett å lausrive seg frå den ansvarstenkinga ein har for privatøkonomien, og danne ei førestilling om at det er plass til alt.

Kommuneøkonomien er innbyggjarane sine fellesressursar og må forvaltast slik at den er berekraftig i framtida.

Gro Harlem Brundtland leia Verdenskommisjonen for miljø og utvikling som i sin rapport (1987) uttrykte seg slik om berekraft: «Bærekraftig utvikling er en utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å tilfredsstille sine behov.»

Framlegget til økonomiplan er bygt på eit opplegg med store risikofaktorar. Balanseringa i økonomiplanen er også bygt på usikre faktorar, jfr større inntektsføring av premieavvik frå pensjon, inntekter frå havbruksfond og bruk av disposisjonsfondet.

Vi brukar opp reservane, medan positivt premiavvik er ei forskyving av rekneskapsførte pensjonskostnader som er basert på stor usikkerheit. Den høge lånegjelda er også eksponert for risiko ved ev renteauke.

Dei større utfordringane for Volda framover vil vere knytt til:

  • Utvikle ein samlande kultur og fellesskap i ny kommune som samfunn og organisasjon.
  • Skape kunnskap om samanhengane i ei komplisert kommunal verksemd der innbyggjarane, administrasjonen og politikarane har felles syn på kva som er det heilskaplege bildet.
  • Dreie om ressursbruken for å prioritere tenestene der brukarane vil ha størst behov.
  • Rasjonalisere og effektivisere tenestene for å balansere drifta etter at driftsfondet er brukt opp.
  • Redusere framtidige investeringar til eit nivå under årlege avdrag for å redusere lånegjelda.
  • Førebyggje mot utanforskap og integrere så mange som mogleg i arbeid og aktivitet.
  • Heilskapleg bustadpolitikk i samarbeid med utbyggjarar og Husbanken med sikte på eigna bustad for alle.
  • Få auka verdiskaping gjennom privat satsing og investeringar i sentrum og andre delar av kommunen.

Den politiske og administrative leiinga har eit felles ansvar for å løyse dei økonomiske utfordringane, og det er også vi som må bere det overordna ansvaret med å svare på kritikken som kjem med upopulære tiltak.

Utviklinga må skje gjennom samarbeid der ein også trekkjer inn arbeidstakarorganisasjonane og brukarinteresser.

Det vil oppstå mange interessekonflikter, der organisasjonen må stå i presset, samtidig som vi skal ha fokus på godt arbeidsmiljø og levere gode tenester.

Dette vert krevjande. Det er derfor viktig at vi på alle nivå har omsorg for kvarandre og passar på at vi ikkje brukar opp energien.

Administrasjonen si oppgåve er å kome med forslag. Kommunestyret må no peike ut retninga, kvar vi skal og gi administrasjonen tydeleg oppdrag og ryggdekning for gjennomføring i den retninga som vert trekt opp. Saman må vi halde kursen.

Sjølv om det vil smerte, så har eg tru på at vi saman skal greie oppdraget.