Kommunane utfører mange tenester gjennom interkommunale samarbeid

Kommunane utfører mange tenester gjennom interkommunale samarbeid

Arkiv som blir danna i eit interkommunalt samarbeid er nødvendige i den daglege drifta av tenestene og dokumenterer dei samarbeidande kommunane si tenesteyting overfor sine innbyggjarar.

Kommuneloven §17-1 Interkommunalt samarbeid

Kommunar kan utføre felles oppgåver gjennom eit interkommunalt samarbeid. Eit interkommunalt samarbeid kan skje gjennom eit interkommunalt politisk råd, kommunalt oppgåvefellesskap, vertskommunesamarbeid, interkommunalt selskap, aksjeselskap eller samvirkeforetak, ei foreining eller på ein annan måte som det er rettslig adgang til.

Kommuneloven §18-4 Samarbeidsavtale

Når det er oppretta eit interkommunalt politisk råd, skal det samtidig vere inngått ein skriftleg samarbeidsavtale mellom alle deltakarane. Samarbeidsavtalen skal fastsette blant anna korleis rådet skal løysast opp og kven som skal ha ansvaret for oppbevaring av rådet sitt arkiv etter at rådet er oppløyst.

Kommuneloven §19-1 Kommunalt oppgåvefellesskap

To eller fleire kommunar kan saman opprette eit kommunalt oppgåvefellesskap for å løyse felles oppgåver.

Kommuneloven §19-4 Samarbeidsavtale

Når det blir oppretta eit oppgåvefellesskap, skal det vere ein skriftleg samarbeidsavtale mellom deltakarane i oppgåvefellesskapet. Samarbeidsavtalen skal blant anna fastsette korleis oppgåvefellesskapet skal oppløysast, og kven som skal ha ansvaret for at oppgåvefellesskapet sine arkiv blir oppbevart etter at oppgåvefellesskapet er oppløyst.

Rettleiar for arkiv i interkommunale samarbeid.

Kulturdepartementet har gitt ein uttale som riksarkivaren stiller seg bak:

InterkommunaleSelskapArkivlova.pdf 124,61 kB