Ved oppretting av saksframlegg til politisk behandling skal ein starte med å lage nytt dokument, Saksframlegg. Fyll ut tittel og lagre. Åpne oppmelding og vel standardtekst for den type saksframlegg du skal skrive.
Her får du tilgong til riktekstboksar for Samandrag, Tilråding og Saksopplysningar. Her skriv du teksten som skal verte til dokumentet saksframlegg. Når du er ferdig å skrive, avslutt oppmelding og lag saksdokument.
Sakshandsamar må ha godkjenning frå leiar, her skal godkjenningsprosessen i saksbehandlingssystemet brukast.
Saksnummer vert påført når utvalsekretær set opp saklista etter at alle sakene er samla. Dokument som skal skjermast for offentleg innsyn må ha tilgangskode i saksbehandlingssystemet. Dette gjer at desse dokumenta ikkje kjem ut på innsynsløysinga vår og utvalssekretær vil avgrense kva politikara som får dokumenta i politikarportalen ser (berre dei som skal i møte får lese). Saksframlegget skal vere klart (og godkjent av leiar) seinast klokka ti dagen for utsending.