Brevet er sendt til di digitale postkasse. Der vil du finn passord og link til undersøkinga.
NB: Du må bruke eingongspassordet som du har fått tilsendt i brevet for å logge deg inn. Finn du det ikkje? Ta kontakt og vi vil hjelpe deg.
Sjølve spørreundersøkinga tek 5-10 minutt.
Dei som har reservert seg mot å motta digital post, har fått invitasjonen tilsendt i posten. Dersom nokon syns det er vanskeleg å fylle ut undersøkinga digitalt, kan dei ta kontakt med servicekontoret for å få hjelp.
Stikk gjerne innom rådhuset tysdag 23. eller fredag 26. mai – vi er klar til å hjelpe deg!
Di meining er viktig
- Det viktig for oss å høyre dine erfaringar med og synspunkt på dei tenestene som kommunen tilbyr. Vi vil også vite kva du synes om kommunen som bustad og korleis lokaldemokratiet fungerer. Når du fortel oss dine erfaringar og synspunkt kan vi få oversikt over kva som er bra og kva som vi bør forbetre oss på.
Innbyggarundersøkinga er eit verktøy for å måle tenestekvalitet, bu-kvalitet og lokaldemokrati i Volda kommune.
Personvern
Alle opplysningane blir behandla konfidensielt, og i rapporten frå undersøkinga vil det ikkje vere data som direkte eller indirekte kan koblast til enkeltpersonar.
Svarfrist
Frist for å gjennomføre undersøkinga er onsdag 31. mai, og vi oppmodar om at du som er innbyggar tek deg tid til å delta.