Koronavaksinering 5. desember

Det blir koronavaksinering 05.12.22 frå kl 16.30 – 19.30 på helsestasjonen. Inngang på nedsida av rådhuset.

Det blir drop-in, så litt kø må ein rekne med.

Samtidig er det mogleg å ta influensavaksine for gitte grupper*. Den kostar 200 kroner. Betaling kontant eller med kort.

Dei som er anbefalt å ta oppfrisikngsdose med koronavaksine er: 

  • Personar over 65 år
  • Dei som er i risikogruppe mellom 18-64 år

Koronavaksine er gratis.

Regjeringa opnar for oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18- 64 år utan underliggande sjukdomar.

  • Ikkje ei anbefaling, men eit tilbod.
  • Risiko for alvorleg sjukdom er lav i denne aldersgruppa.
  • Begransa nytte av ei 4. dose.
  • Mest aktuell for dei eldste i aldersgruppa
  • FHI seier at det per no ikkje er aktuelt å innlemme helsepersonell i målgruppa for anbefalt ny vaksinedose.

Inngang til helsestasjonen er på nedsida av rådhuset, ved leikeplassen.

*Dei som kan få influensavaksine er:

  • Alle frå fylte 65 år (også dei som er friske og spreke)
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Prematurt fødde barn. Særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år