Vaksinering mot covid-19

Det vert vaksinering måndag 22. og tysdag 23. august, frå kl 10.00-15.00 på Volda samfunnshus.

Det blir vaksinering:

  • Tid: måndag 22. og tysdag 23. august, kl 10.00-15.00
  • Stad: Volda Samfunnshus
  • For: Personar 65-74 år, og personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19.
  • Du kan sjølv bestille time på Helsenorge.no (Problemet med bestilling på helsenorge.no er retta.)
  • Du kan møte opp utan å bestille time. Fint om ikkje alle kjem kl. 10.00, då blir det kø.
  • Har du spørsmål kan du ringe til vaksinetelefonen 70058965, som er open frå klokka 12.00 – 14.00 alle kvardagar.
  • Dersom desse dagane ikkje passar for deg, kan du ta vaksine i Ørsta.

Neste vaksinering 

Det er ikkje sett opp nye datoar pr 12.08.22.

 

Dette er Folkehelseinstituttet sine anbefalingar: 

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler ny oppfriskningsdose for følgande målgrupper:

  • Personar 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar.
  • Personar 65-74 år, og personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19.

 

Dette er Folkehelseinstituttet sine anbefalingar 

 

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler ny oppfriskningsdose for følgande målgrupper:

  • Personar 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar.
  • Personar 65-74 år, og personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19.

FHI anbefaler følgande prioriteringsrekkefølge:

  1. Sjukeheilmsbebuarar og sårbare personar 75 år og eldre med heimesjukepleie
  2. Aldersgruppa 80 år og eldre
  3. Aldersgruppa 75-79 år

Oppstart av vaksinasjon med ny oppfriskningsdose til 65-74 åringar og 18-64 år i risikogrupper, vil avhenge av den vidare smitteutviklinga. Kommunane vert bedt om å planlegge for å kunne tilby fjerde dose til desse gruppene frå 1. september.

Gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gi ei lågare grad av immunstimulering samanlikna med tidligare variantar. Anbefalinga om ny oppfriskningsdose for nevnte målgrupper gjeld derfor uavhengig av om ein nyleg har gjennomgått infeksjon. Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lengre intervall vil som regel gi ein betre immunrespons.

 

FHI vil vurdere behov for ny oppfriskningsdose til andre delar av befolkninga, altså for dei under 65 utan underliggande risikotilstandar, på eit seinere tidspunkt når det ligg føre meir informasjon om vidare smitteutvikling. Dersom situasjonen tilseier det kan det også bli aktuelt å tilby nye doser i løpet av vinteren til dei som mottek oppfriskingsdose no i sommar.

 

Har du ikkje tatt vaksinedose 1, 2 eller 3?

  • Vi har avslutta innkalling til vaksinering til første og andre dose. Personar som enno ikkje har fått time til første doesne, må sjølve ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time. Dersom nokon har utsett timen sin må dei ta kontakt med vaksinetelefonen for ny time, dei vil ikkje bli kalla inn på nytt.
  • Intervall mellom dose 2 og 3 må vere 20 veker. Dose 4 kan settast tidlegast 4 månader etter dose 3.
  • Time kan bestillast på vaksinetelefonen for Volda: tlf 70058965 mellom kl 12.00 og 14.00, eller via Helsenorge.

 

Informasjon om vaksinering på ulike språk

Les meir om koronavaksine her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/