SFO - Hornindal skule

SFO - Hornindal skule

Skulefritidsordninga ved Hornindal skule er eit tilbod for elevar frå 1.-4. klasse, og for barn med særskilte behov på 1.-7. klasse.
- SFO Hornindal held til i G-fløyen (bygget nærast brua - raud dør) inkl. kjøkken.
- SFO Austefjord held til i lokala til Austefjord barnehage.

Telefonnummer tilsette SFO:

Julie Madelen: 90 70 29 89                      Pernille: 47 88 43 51
Astrid: 99 42 59 32                                   Veronika: 96 69 19 56
Marianne: 90 94 75 09                             Hanne: 41 26 93 82 

Skulefritidsordning

- ved levering og henting skal ein ha kontakt med personalet 
- elevane får enkle måltid
- endring/fråvær skal meldast snarast mogleg


Morgon-SFO opnar kl. 7:30-8:50, etter skuletid kl 14:30-16:30.
Onsdag er SFO ope 07:30-16:30.

Plassalternativ: 

1. 5 dagar pr. veke (inkl. morgon og ettermiddag) 

2. Gratistilbod 12 t pr veke etter skuletid for 1.-3. klasse 

3. 12 t pr veke etter skuletid for 4. klasse


- for elevar i 5.-7. klasse med særskilte behov, er SFO gratis. Denne må det benyttast eigen søknad til, ta kontakt med skulen
- det vert ikkje gitt syskenmoderasjon i SFO. Dersom for sein henting fører til ekstra personalkostnader, må dei føresette bere desse kostnadene.
- når ein elev har fått plass, har barnet plassen ut 3. klasse eller til føresette seier den opp. 4. klassingar må søke på nytt.

§ 1. FORMÅL Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for elevar med særlege behov på 1.-7. årstrinn, jf. opplæringslova § 4-5. SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Volda.

§ 9. OPPTAK AV BORN Foreldre sender søknad på elektronisk skjema. 

Søknadsskjema og vedtekter ligg på kommunen si heimeside. 

Søknadsfrist er 15. april. Ved søknad om plass etter søknadsfrist, vil opptak vere avhengig av om det av økonomiske og praktiske omsyn er mogleg å gi eit tilbod. Rektor er ansvarleg for opptaket.

 

Her finn du meir informasjon om SFO i Volda kommune og korleis du søker

Vedtekter for SFO i Volda kommune

§ 7. OPNINGSTIDER 

SFO er open mellom kl 07.30 og 16.30 utanom undervisningstid i perioden 1. august til 30. juni med følgjande unntak: 

 jule- og nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag 

 5 planleggingsdagar pr. år, der 4 av dei fell saman med undervisningspersonalet sine planleggingsdagar før skulestart
Skulefritidsordninga føl ordinær skulerute. I praksis har SFO ope ut siste veka i juni, og startar første måndag i august .