Innovasjonsprisen

Klikk for stort bileteFredag 1. november er det frist for å levere inn ditt bidrag til innovasjonsprisen!

Kommunestyret vedtok i 2014 at det skulle etablerast ein innovasjonspris internt i organisasjonen i Volda kommune. 

Om du har ein ide om noko som kan vere med på å spare ressursar, effektivisere og fornye arbeidsplassen din så kan du og avdelinga di vere med på å konkurrere om å vinne store premiar. 

Alle tilsette i Volda kommune kan kome med sitt bidrag til Innovasjonsprisen. Målet er å leggje til rette for ein kultur der det er takhøgde for å tenke nytt, prøve og feile.

Ynskjer du å delta? Då må du fylle ut skjema for innovasjonsprisen (DOCX, 35 kB) og sende dette inn til postmottak@volda.kommune. Det er ikkje sett opp frist for innsending i 2020.

Ein jury skal kåre ein vinnar og prisen vert delt ut av ordføraren i kommunestyremøtet i desember. 

Lukke til!

 

Innovasjonsprisen

Kva er innovasjonsprisen?

Innovasjonsprisen vert gitt til tilsette eller arbeidsplassar som sjølv eller i lag med andre har utvikla og satt i gang innovativt tiltak som gjev auka verdiskaping for Volda kommune.

Eit slikt prosjekt skal vere nytt, nyttig og nyttiggjort. Målet er å leggje til rette for ein kultur der det er takhøgd for å tenkje nytt, prøve og feile.

Kva ser vi etter?

Eit innovativt tiltak kan vere alt frå store, omfattande prosessar til små forslag med enkle endringar. Ideen kan vere ny i Volda, men brukt i andre kommunar eller bedrifter tidlegare.

Primært skal ideen allereie vere gjennomført. Dersom den ikkje er det, må den kunne gjennomførast.

Resultatet av tiltaket skal ha effekt for kommunen sine brukarar, tilsette/arbeidsmiljøet og/eller kommunen si drift (økonomi).

Kven kan delta?

Alle tilsette i Volda kommune kan kome med sitt bidrag til Innovasjonsprisen 2019.

Prisen kan gå til både mindre og større prosjekt i heile kommuneorganisasjonen.

Kva kan ein vinne?

Ein jury skal kåre ein vinnar, som kan vinne ein pengepremie på inntil 50.000 kroner.

Prisen vert delt ut av ordføraren i kommunestyret i desember.

Prisen skal kome vinnarane til gode i form av til dømes kompetanseutvikling, utstyr og arbeidsmiljøtiltak

Korleis delta?

Fristen for å sende inn bidrag til innovasjonsprisen i 2019, er fredag 1. november.

Forslaget skal sendast per e-post til postmottak@volda.kommune.no.

Treng du hjelp? Ta kontakt med personalsjef Berit Lyngstad.

Kontakt

Berit Lyngstad
personalsjef
E-post
Mobil 976 61 815
No TMS