Kommunereform

kommunereform - Klikk for stort bilete Kommunanereforma vart sett i gang av Erna Solbergs regjering i juni 2014. Etter utgreiing i samband med denne prosessen vart resutlatet at kommunestyret i Volda gjorde vedtak den 28.juni 2016 om at Volda skal slå seg saman med Hornindal kommune 01.01.2020.

Fylkesmannen følgde opp dette vedtaket med tilråding om samanslåing av Volda og Hornindal den 1. oktober 2016.

Endeleg vedtak av kommunereforma vart vedteke 8. juni 2017, der Stortinget vedtok reforma med 85 røyster mot 84 røyster.

Denne reforma gjer at kommunestrukturen i Noreg vil endre seg ganske mykje frå dagens situasjon. Frå 2020 vil det totalt vere 356 kommunar i Noreg, mot 426 kommunar i dag.
 
Regjeringa sine uttalte mål om reforma, er at det skal gi eit grunnlag for sterkare kommunar som kan ivareta velferdsoppgåver både no og i framtida og sikre gode lokalsamfunn for innbyggjarane.
 
Nye Volda si heimeside og på sosiale medium
Om du vil følgje med på kommunesamanslåinga, kan du finne ny og oppdatert informasjon på vår dedikerte plattform Nye Volda: https://nyevolda.no/
 

Nye Volda er også på Facebook: https://www.facebook.com/nyevolda/

Intensjonsavtalen med Hornindal kommune finn du her.

Kommunereforma

Kommunereforma i Norge er ei reform av kommunestrukturen i Norge. Reforma vart sett i gang 3. juli 2014 som eitt av dei politiske prosjekta til Erna Solberg si regjering. 
 
Reforma vart samrøystes vedteken av Stortinget 9. juni 2015, og legg opp til at kommunar vert slegne saman innanfor ei tidsramme fram mot 2020.
 
1. januar 2017 vart talet på kommunar i Norge redusert fra 428 til 426 medan fleire samanslåingar skjer frå 1. januar 2018. Dei siste samanslåingane i denne reforma er planlagt vil skje frå 1. januar 2020.
 

Regjeringa sine uttalte mål med reforma er:

– Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane

– Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling

– Berekraftige og økonomisk robuste kommunar

– Styrka lokaldemokrati

Publisert av Bente Engeseth. Sist endra 05.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering