Anders Svor kunstsamling

Anders Svor kunstsamling

Anders Svor- museet rommar ei samling på nærmare 600 objekt – frå skisser til fleire av dei mest sentrale arbeida hans.

Den faste utstillinga gir eit innblikk i Anders Svor sine arbeidsmetodar, motivkrets, typologi og stilutvikling, frå ein detaljert naturalisme via klassisime til symbolisme.


 

Volda kommune

Museet i Hornindal 

Anders Svor Museum vart opna i 1953 for å kunne stille ut og ta vare på kunstverka til hornindalskunstnaren Anders Svor. 

Anders Svor (1864–1929) utmerkte seg tidleg som treskjerar. I 1882 drog han frå heimbygda Hornindal for å studere ved Den Kgl. Tegne- og Kunstskole i Kristiania, og vidare ved kunstakademiet i København. Etter eit studieopphald i Paris midt i 1890-åra etablerte Anders Svor seg med eige atelier i Kristiania, der han vart buande livet ut. Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og var representert på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar.

Dei fleste arbeida hans, i alt 450, er samla på museet. Familien gav samlinga vederlagsfritt til Hornindal herad under føresetnad av at det vart reist eit eldfast bygg til samlinga. Ved hjelp av kommunale midlar og lån frå kulturdepartementet vart bygget realisert. I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Dei fleste skulpturane er no samla i museet. 

Volda kommune overførte eigarskapet av Anders Svor museet til Viti (Stiftinga Musea på Sunnmøre) i 2021 som driver museet i dag. 

Ønskjer du å sjå samlinga digitalt?

Anders Svor-museet Viti

 

Meir informasjon om museet og samlinga finn du på Viti sine heimesider Viti - Anders Svor museet

 

.