Bjørke og Viddal til nye Volda

KMD.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fatta ei endeleg avgjerd i saka om grensejustering.

Tidlegare i dag, måndag, fekk ordførarane i høvesvis Ørsta og Volda ein telefon frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, der temaet var utfallet i grensejusteringa av Bjørke og Viddal krins.

No stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) at området vil verte grensejustert over til nye Volda kommune. Sjå vedlegg i høgremargen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal presenterte 23. mars i år si innstilling i saka, der det vart tilrådd at Bjørke og Viddal krins skulle grensejusterast til nye Volda kommune frå 2020.

Denne innstillinga har no også KMD teke til følgje.

Sidan grensejusteringa vil tre ikraft først frå og med nyttår 2020, vil Bjørke og Viddal inntil då framleis vere ein del av Ørsta kommune.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 02.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering