Endra opningstid for servicekontoret

Anne-Margrethe Mo og Bente Kristin Krøvel ved servicekontoret i Volda kommune - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Servicekontoret i Volda kommune endrar opningstid frå og med måndag 24. april. Vi held ope frå kl. 9:00 til kl. 15.30 frå måndag til fredag. 

Endringa er ein konsekvens av undersøkingar som viser at det utanfor dette tidsrommet berre er sporadiske henvendelsar til kommunen. Det er derfor ressursmessig lite effektivt å halde ope i desse periodane. 

Kommunen sitt sentralbord vil vere ope som før (mellom kl. 8.00 og 16.00), og besøkande som har avtale med sakshandsamar utanom servicekontoret si opningstid vil bli møtt av sakshandsamaren.

Publisert av Inger-Johanne Johnsen. Sist endra 19.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering