Er det lov med bålbrenning?

IMG_3947.JPG - Klikk for stort bilete Det kjem stadig førespurnadar om å få løyve til bålbrenning eller anna aktivitet som medfører open eld. 

Med open eld meinar ein all aktivitet som medfører opne flammar, varme, gnistar. Også grilling, stormkjøkken og liknande. 

 
Open eld i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september. Dette forbodet gjeld også i nærleiken av skog og utmark, eller andre stadar det det kan vere fare for at elden kjem ut av kontroll og spreier seg.
 
Slik situasjonen har vore i år er dette forbodet konsekvent og det vert IKKJE GJEVE DISPENSASJONAR. Dette gjeld også på etablerte bålplassar, bålpanner el.
 
Folk kan likevel grille på trygg stad i hagen sin, eller på heilt trygge stadar i strandlinja/badeplassar dersom det er openbart trygt. Openbart trygt betyr at det er langt frå tørr vegetasjon eller anna brennbart materiale, ikkje er noko fare for at elden kan kome ut av kontroll og at ein har rikelig med vatn til slokking tilgjengeleg. Viss ein er usikker på om det er trygt, betyr dette at det ikkje er trygt og at ein ikkje skal fyre opp eld. 
 
Viss ein vil brenne bål er det KUN små turbål på trygge stadar som gjeld. Store bål med hageavfall, greiner eller restar frå skogsdrift er forbode. 
 
Å fyre opp bål, grill eller liknande er eit personleg ansvar. Unngå bål/grill på dagar med vind. Sjølv små gnistar kan lett antenne vegetasjon fleire meter frå bålplassen. 
 
Ein rår til å unngå bruk av eingongsgrillar og minner om at det er viktig å slokke med rikelige mengder vatn før ein forlet staden.
 
Dette forbodet vil vere konsekvent sjølv om det kjem nedbør innimellom. Det er svært tørt i marka no og det skal betydelige mengder med regn over lang tid før jord og vegetasjon vert gjennomfukta. Truleg vert det gjeldande til langt ut på hausten, og kanskje heilt til snøen kjem.
 

IMG_3942.JPG - Klikk for stort bilete

Brannvesenet i Volda meinar at det er trygt å bruke dei etablerte grillplassane ved Årneset dersom det ikkje er mykje vind. Ein bør heller bruke desse enn eingongsgrillar. 

Publisert av Bente Engeseth. Sist endra 31.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering