Forbod mot bålbrenning 15. april til 15. september

Jonsokbål.jpg - Klikk for stort bilete

Vi er no inne i den tida på året det oftast oppstår gras og lyngbrann. Snøen smeltar, bakken tørkar opp og det skal lite til før det tek fyr i tørt gras og anna vegetasjon. 

Det er forbode å brenne bål som kan føre til brann heile året, men brannsjefen minner om at ein må vere ekstra varsam i tørkeperiodene.

Bålbrenning i skog og utmark er forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april-15. september. Forbodet betyr at det er forbode å fyre opp bål, eller anna open eld, dersom det er fare for at elden kan spreie seg til terrenget og føre til brann. 

Men du kan, dersom du vurderar det som trygt, fortsatt fyre opp mindre tur-/kaffibål utan å søkje om løyve. Eksempel på trygge stadar kan vere etablerte og oppmura bålplassar, i standkanten, ved elv eller dersom det har vore nedbør og er vått i marka. Ein god regel er å ha rikelig med vatn tilgjengeleg. Det er viktig å merke seg at sjølv om ein brukar etablerte bålplassar, så gjeld forbodet likevel dersom det er så tørt i marka og at det kan vere fare for skogbrann.

Generelle bålreglar:

  • all brenning skjer på eige ansvar
  • ved kraftig vind kombinert med tørke skal ein vere særskilt merksam.
  • Bålet skal vere på ein stad og måte at det ikkje er fare for spredning seg til terreng eller bygningar.
  • Bål skal brennast på ein måte som ikkje fører til ulemper for andre.
  • Bålet skal ikkje vere større enn at ein har god kontroll på det.
  • Det skal kun brennast reint og tørt treverk. Bosbrenning er forbode.
  • ein vaksen person skal vere ansvarleg og til stades ved bålbrenninga
  • ansvarshavande må sørgje for at bålet vert slokt forsvarleg med rikelige mengder vatn.
  • forlat aldri bålet før det er slokt
  • løyve frå grunneigar må innhentast.(unntak for område som er omfatta av allemansretten)
  • Større bål må vere avslutta i god tid før solnedgang
  • Er det fare for at andre kan oppfatte bålet som ukontrollert brann skal ansvarshavande må melde frå til brannvakta i Volda kommune på tlf 911 52 110
  • Mister ein kontrollen på bålet skal brannvernet  varslast på tlf 110.

Sjølv om det ikkje er generelt forbod mot bålbrenning innafor regulerte områder i Volda, så oppfordrar ein likevel til at dette vert begrensa til eit minimum. Vi veit at mange har sjukdomar som gjer at dei får plager av bålrøyk og vi er pliktige til å ta hensyn til det. Hageavfall bør i mest mogeleg grad komposterast eller leverast til reinhaldsverket.

Sist endra 12.04.2018 13:42
Fann du det du leita etter?
Eksterne lenker
Login for redigering