Førehandsrøysting i Volda kommune

Kommunestyre- og fylkestingsval - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Er du ikkje heime på valdagen mandag 11. september? Då kan du førehandsrøyste ved servicekontoret på rådhuset i Volda kommune. 

Ordinær førehandsrøysting pågår i perioden frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september 2017 på servicekontoret, rådhuset i Volda.

Du kan førehandsrøyste i Volda sjølv om du er manntalsført i ein annan kommune. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røystinga kjem fram til valstyret i heimkommunen innan tysdag 12. september kl. 17.00.

På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført i.

I perioden f.o.m. torsdag 10. august t.o.m fredag 25. august er opningtida  kl. 9.00 - 15.00, og i perioden f.o.m. mandag 28. august t.o.m. fredag 8. september frå kl. 8.00 - 15.30.

Det er også fleire dagar med utvida opningstid for mottak av førehandsrøyster:

  • torsdag 24. august 9.00 - 18.00,
  • laurdag 26. august kl 11.00-14.00,
  • måndag 4. september 9.00-18.00,
  • tysdag 5. september 9.00-18.00,
  • onsdag 6. september 9.00-18.00 og
  • torsdag 7. september kl. 9.00-18.00.

Ta med gyldig legitimasjon.

Tidspunkt for førehandsrøysting på omsorgsinstitusjonar, sjukehuset, vidaregåande skule og Høgskulen i Volda vil bli kunngjort seinare.

Frist for å søkje valstyret om ambulerande førehandsrøysting for personar som ikkje kan forlate bustaden sin, er sett til tysdag 5. september kl. 15.00.

Sist endra 21.08.2017 08:50
Fann du det du leita etter?
Login for redigering