Forslag til kulturhus i Volda

Skisse til kultur i Volda - Klikk for stort bilete Byggjenemnda inviterer til ope møte for innspel og diskusjon etter sommarferien.

Den 22. mars vedtok Volda kommunestyre at den kommunale byggjenemnda skulle utarbeide eit romprogram og eit skisseprosjekt for kino og kulturhus i Volda. Dette skulle vere i tilknytning til eksiterande samfunnshus.

No har byggjenemnda utarbeidd ei skisse til dette prosjektet (sjå vedlegg i høgremargen).

Målet til byggjenemnda er å få til eit prosjekt;

  • der det blir aktivitet heile veka og store delar av døgnet
  • som stimulerer til kommunal, privat og frivillig aktivitet
  • som skaper møteplassar
  • og som vil tilrettelegge og stimulere til lokalsamfunnet sitt behov

Ope møte

For å leggje fram forslaget til nytt kulturhus for ålmenta, ønskjer byggjenemnda å invitere til ope møte på samfunnshuset i Volda.

På dette møtet vil byggjenemnda leggje fram skissene til nytt kulturhus, samt at ein vil leggje til rette for innspel og diskusjon rundt prosjektet.

Møtet vil bli arrangert onsdag 29. august klokka 18:30.

Ambisjonsnivået

Byggenemnda har lagt seg på nivå med referanseprosjekt i Ulsteinvik og Fosnavåg, samstundes som dei har lytta til brukarar og erfaringar som andre har gjort.

Etter synfaring på Ulstein Arena og Fosnavåg konserthus har byggenemnda definert følgjande ambisjonsnivå for dei ulike delane av eit nytt kulturhusbygg:

  • Bibliotek: Byggenemnda ønskjer å realisere eit biblioteksareal med funksjon og innhald på høgde med biblioteket i Ulstein Arena. Biblioteket i Ulstein Arena er referanseprosjekt for biblioteksdelen av bygget.
  • Kultursal: Byggenemnda ønskjer å realisere ein kultursal med funksjon og innhald på høgde med konsertsalen i Fosnavåg konserthus, men med tilpassingar som skildra i notat (stor sal) frå Arvid Blindheim. Notat tek føre seg detaljar som del av Campusprosjektet.
  • Kinosal: Moderne kinosal med sitjeplassar for 84-120 personar. Det nye kino- og kulturhuset i Volda skal framstå som eit levande og myldrande bygg.

Kva mandat Byggjenemnda har

I vedtaket frå kommunestyret, har byggjenemnda følgjande mandat i prosjektet:

  1. Den kommunale byggenemnda får i oppdrag å utarbeide romprogram og skisseprosjekt for kino og kulturhus i tilknyting til Volda samfunnshus. Arealet kan, om ein ser trong om det også omfatte «Barnepark-tomta» og «Driveklepphustomta».
  2. Arbeidet skal inkludere lokalitetane i dagens samfunnshus med ombygging og integrasjon til nybygg. Ulike behov og løysingar kan vurderast, og det kan leggjast fram fleire alternativ der lokale til ungdomsklubb, bibliotek og kafe er ein del av dette. Det skal gjerast faglege og kostnadsmessige vurderingar av kinoløysing, om td antal salar, nybygg eller ombygging av dagens samfunnshus mv.
  3. Byggjenemnda kartlegg behov og knyter til seg representasjon frå brukerinteressene. Byggjenemnda knuter vidare til seg nødvendig ekspertise i arbeidet.
  4. Planen skal vise heilskapleg prosjekt og synleggjere ev. stegvis utbygging.
  5. Romprogram med skisseprosjekt og kostnadskalkyle vert å leggje fram innan 01.11.18.
  6. KOmmunestyret vil vurdere samla eller delvis utbygging i samband med handsaming av komande budsjett og økonomiplan.
  7. Byggjenemnda har tett dialog med formannskapet i arbeidet.
Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 02.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering