Gratis studentkino ved Volda filmteater tysdag 11. september

incredibles-2_qyjn7y.jpg - Klikk for stort bilete Er du student ved Høgskulen i Volda? Då har vi ei gladnyheit til deg!

Volda kommune vil ønskje alle studentar ved Høgskulen i Volda lykke til med det nye studieåret.

Derfor inviterer vi studentar ved Høgskulen i Volda til ei gratis kinoframsyning tysdag 11. september klokka 20:00.

Det er filmen De Utrolige 2 som vert vist, ein film som hadde premiære så seint som 24. august.

Filmen vil ha engelsk tale, så det er også høveleg for internasjonale studentar

For å få utlevert billett ein vise fram gyldig studentbevis, og billettane kan hentast frå klokka 19:30 ved kiosken på Volda samfunnshus.

Kinosalen kan romme om lag 300 sitjeplassar, så her vert "første mann til mølla"-prinsippet teken i bruk.

Velkomne skal de vere!

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 07.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering