Gratulerer med barnehagedagen!

barnehagedagen - Klikk for stort bilete I dag, 14. mars, er det mykje liv og røre rundt rådhuset i Volda. Det er Barnehagedagen, med slagordet: "Vi vil leike!" 

Tema i år er altså barnehagens arbeid med leik og leiken si betydning for barns vennskap.

Leiken og det å ha nokon å leike med, er det som barn sjølv seier er det viktigaste for å trivest. Slagordet denne gangen er difor: "Vi vil leike".

Barnehagedagen 2017 - Klikk for stort bileteBarnehagedagen 2017

Barnehagedagen 2017 opning ved Bodil Brautaset, barnehagekonsulent. - Klikk for stort bileteBarnehagedagen 2017 opning ved Bodil Brautaset, barnehagekonsulent.

Barnehagedagen 2017 - Barnehageborna song på scena. - Klikk for stort bileteBarnehagedagen 2017 - Barnehageborna song på scena.

Barnehagedagen blir markeret i mars kvart år. Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) som saman står bak markeringa. Formålet er å synleggjere kva barna får oppleve, erfare og lære i barnehagen. Barnehagedagen kan bidra til å spre kunnskap om barnehagekvardagen til barna  og innhaldet i barnehagen.

Barnehagedagen vert markert på ulike måtar og i mange variantar. Dagen skal synleggjere barna sine opplevingar, erfaringar og det at dei lærer i barnehagen. Dagen vert markert i mars kvart år, og har blitt ein tradisjon i store delar av barnehage-Norge.

I år vert det felles arrangement for 4- og 5 åringane som går i kommunale og private barnehagar i Volda. Det vil seie ca. 185 barn frå til saman 13 barnehagar. Det vert i tillegg eigne arrangement for dei yngre barna i kvar einskild barnehage.

På programmet: Samling ved paviljongen i Rådhusparken, ma. med framføring av den nye lokale barnehagesangen, teaterframsyning m.m. Etter barnehagetog rundt Rådhusområdet, matservering og filmframsyning v/ Lauvstad barnehage, får barna høve til å delta i ulike typer leikar ute og inne.

Kvifor leik som tema?
Ved å ha leik som tema for Barnehagedagen, ynskjer ein å skape større forståing for barnehagens arbeid med å sikre den gode leiken – for alle barnehagebarn. Barns høve til å leike er avgjerende i barna si  utvikling, og vi vil vise kvifor og korleis.                                                                        FN sin barnekonvensjon slår fast at barn har rett til å få leike. At barnehagen skal legge til rette for leiken til barna kjem også tydeleg fram i formålet til Barnehagelova: «Barnehagen skal i samarbeid med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling».
Frå oktober 2016 er forslag til ny rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver sendt ut på høyring. Korleis leiken er omtalt blir viktig å diskutere ute i barnehagane. Debatten om innhaldet i barnehagen viser at det er behov for at vi synleggjer leiken si betydning, ikke berre som et middel for læring og utvikling, men også som ei naturleg uttrykksform for barna.

Det er meir informasjon på organisasjonane sine netttsider:

www.fagforbundet.no

www.fus.no

www.utdanningsforbundet.no

 

 

 

 

 

Sist endra 14.03.2017 12:59
Fann du det du leita etter?
Login for redigering