Gravearbeid i Gjølelva

 Graving i elv.png - Klikk for stort bilete

Det går no føre seg gravearbeid i Gjølelva ved Håmyra. 

Arbeidet går ut på å plastre elvebarane på begge sider av elva. Sidan arbeidet går ut på graving direkte i elva, vil der tidvis kome oppvirvling av finstoff i vatnet. 

Vår entreprenør, K.A. Aurstad AS, vil så langt det let seg gjere avgrense slam i elva så lenge arbeidet går føre seg. Det vert halde på med dette arbeidet i vekene 49 og 50.

Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 05.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering