Hadde møte med fylkesmannen

Ordførarane og rådmennene i Volda og Hornindal møtte Fylkesmannen på Grodås. Frå venstre: Asbjørn Moltudal (ass. rådm. Volda), Stig Olav Lødemel (ordf. Hornindal), Helge Mogstad (Fylkesmannen), Ann Kristin Langeland (rådm. Hornindal), Vigdis Rotlid Vestad (Fylkesmannen), Jørgen Amdam (ordf. Volda). - Klikk for stort bilete

Volda og Hornindal kommunar var i dialog med Fylkesmannen for vidare prosess.

Ettersom den mellombelse fellesnemnda skal møtast for første gong 29. mai, var det fredag eit formøte mellom ordførarane og rådmennene i dei to kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal fredag føremiddag.

Frå Volda møtte assisterande rådmann Asbjørn Moltudal og ordførar Jørgen Amdam, medan frå Hornindal møtte rådmann Ann Kristin Langeland og ordførar Stig Olav Lødemel.

Fylkesmannen var representert ved prosjektleiar for kommunereforma, Vigdis Rotlid Vestad, og direktør for Justis- og beredskapsavdelinga, Helge Mogstad.

Planen før møtet var å gå gjennom følgjande punkt:
  • Volda og Hornindal hadde eit formøte med Fylkesmannen for å diskutere vidare søknadsprosess for samanslåing av kommunane. - Klikk for stort bilete Kort status ved ordførarane.
  • Inndelingslova § 25, saksgang og saksframlegg fram til felles kommunestyremøte.
  • Kommunestyrevedtak, innsending til Fylkesmannen, sakshandsaming i KMD og kongeleg resolusjon.
  • Dialog og spørsmål.

Inntrykket frå Fylkesmannen var at Volda og Hornindal har kome langt i prosessen med samanslåinga, og at framdrifta ser positiv ut. Ordførarane var også samde på at dei hittil i prosessen ikkje møtt på store utfordringar.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering