Hovudplan vatn og avløp med del om vassmiljø 2017-2027

frå Vasslidvatnet - Klikk for stort bilete Kunngjering:

KST Sak PS 35/18: Melding om politisk vedtak. Framlegg til: Hovudplan for vatn og avløp 2017-2027 

Volda kommunestyre har i møte den 22.03.2018 gjort følgjande vedtak.

1. Med heimel i plan-og bygningslova §11-14 vedtek kommunestyret kommunedelplan «Hovudplan for vatn og avløp med del om vassmiljø 2017-2027» godkjent i samsvar med vedlagte forslag til plan.
 
2. Tiltak vert prioritert i samanheng med budsjett og økonomiplan. Administrasjonen legg fram årleg framdriftsplan for VA-tiltaka til forvaltningsutvalet innan 1. mars, i 2018 innan 1. mai. Framdriftsplanen skal vere basert på ressurskartlegging og ressursplanlegging for å nå dei prioriterte tiltaka. Oppfølging av framdriftsplanen skal rapporterast etter rutinene (vedtakslogg og tertialrapportering).
 
3. Planen skal reviderast av administrasjonen kvart år, med orientering til formannskapet. Kvart fjerde år skal heile planen reviderast og godkjennast i kommunestyret.
Det skal då kome klart fram måloppnåing i høve dei oppsette mål og tiltak i planen.
 
 
Oversendingsframlegg frå kommunestyret 22.03.2018 til administrasjonen:
 
Kommunestyret ber om at ein i det vidare arbeidet vurderer om det kommunale avløpssystemet er godt nok til å fange opp mikroplast, ev foreslå oppgradering til bruk av best tilgjengelege teknologi for filtrering av mikroplast i avløpsanlegg. Ein ber og om at reinseanlegga gjer tiltak for at biofilm-berarar, (små plastsylindrar tilsett avløpsanlegga), dersom slike vert brukt i Volda, ikkje kjem på avvegar.
Sist endra 22.05.2018 08:07
Fann du det du leita etter?
Login for redigering