HPV-vaksine. Tilbod til kvinner fødd 1991 og seinare

Vaksinering.png - Klikk for stort bilete

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram.

Ved helsestasjonen i Volda vert det vaksinering desse dagane (det er inga timebestilling):

Mandag 02.07.18               kl. 1500 – 1700

Mandag 06.08.18               kl. 1500 – 1700

Mandag 03.09.18               kl. 1500 – 1700

Mandag 01.10.18               kl. 1500 – 1700

Mandag 05.11.18               kl. 1500 – 1700

Mandag 03.12.18               kl. 1500 – 1700

Helsestasjonen er i underetasjen på rådhuset. Du går inn tett ved der den kjekke leikeparken er.

 

Oppstart av programmet var i november 2016. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft som fylgje av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, medan nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.                                                                                 

Vil du ha meir informasjon:

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine

Sist endra 09.05.2018 09:34
Fann du det du leita etter?
Login for redigering