ID 2012009 varsel om oppstart privat detaljregulering Rotsetfjøra

Rotsetfjøra.png - Klikk for stort bilete

 

I samsvar med plan- og bygningsloven | 12-8 og vedtak i formannskapet - sak PS 77/17 den 16.05.2017, vert det varsla oppstart av arbeid med privat detaljregulering for Rotsetfjøra i Volda kommune. Området er ca 36,6 daa og avgrensa som vist i kart. 

Forslagsstillar (SF)
Sunnmøre Invest AS, Kyrkjegata 13, Pb. 84, 6101 Volda

Kontaktperson: Kay Ove Johansen, tlf. +47 413 20 278 epost: kayove@norwegiangroup.no.

Plankonsulent (PS)
Sporstøl Arkitekter AS, Boks 301, 6067 Ulsteinvik

Kontaktperson: Bjørnar Sporstøl, tlf. +47 918 68 794 epost: bjornar@sporstol.no

Hensikta med detaljregulering er ending av gjeldande reguleringføremål frå industri til bustad/næring med føremål om å legge til rette for eit nytt og moderne leiligheitsprosjekt.
Planen vil avklare plassering til nybygg, bygningsvolum, byggehøgder og tilhøyrande uteareal og anlegg.
Planinitiativet med søknad om løyve til å starte planarbeid har vore behandla politisk i kommunen.

Viser her til saksdokument i vedlegg 2.

Fleire opplysningar om planen kan fåast hjå Sporstøl Arkitekter AS.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
Varslingsdokumenta er også tilgjengeleg på nettside: www.sporstol.no under fane "Varsling".
Merknader og innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til: Sporstøl Arkitekter AS, Boks 301, 6067 Ulsteinvik eller pr epost til: bjornar@sporstol.no tlf. 70 01 85 50/918 68 794.
 
Frist for merknad/innspel er 10. august 2017.
Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 05.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering