Interne kurs i samband med kompetanseplan

I 2017 vart det gjennomført ei kartlegging av all kompetanse i sektor helse- og omsorg som resulterte i ein kompetanseplan.

kurs i forflyttingsteknikkar - Inger Lise Telseth instruktør - Klikk for stort bilete  

For 2018 er målretta kompetanseutvikling eit viktig satsingsområde som skal sikre ei framtidsretta og planmessig utvikling av tilsette i samsvar med sektoren sine oppgåver og mål. Ei målsetting er å utnytte kartlagt kompetanse på tvers av einingar.
 

Kurs i grunnleggande førstehjelp - Frode Ose  instruktør - Klikk for stort bilete Ingunn Gjengedal

Først ute var kurs i grunnleggande førstehjelp der Frode Ose var instruktør.
 
Onsdag 14. februar vart det gjennomført kurs i forflyttingsteknikkar der Inger Lise Telseth er instruktør.
 
Det er vidare sett opp kurs i mellom anna tvungen somatisk helsehjelp, individuell plan, utfordrande atferd i demensomsorga.
 
Publisert av Bente Engeseth. Sist endra 14.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering