Jobbmesse for Søre Sunnmøre

 jobbmesse - Klikk for stort bilete

NAV Møre og Romsdal arrangerer jobbmesse i Ulstein Arena torsdag 20. september 2018.

NAV opplever auka etterspurdnad etter arbeidskraft frå fleire bransjar. 20. september møter meir enn 40 verksemder med rekrutteringsbehov i Ulstein Arena for å møte menneske på utkikk etter ny jobb.

NAV er positiv til responsen frå næringslivet. Mange verksemder melder at dei har rekrutteringsbehov, spesielt innan Bygg og Anlegg. Men også hotell, verft, maritim industri  og andre har behov for arbeidskraft.  Vi oppmodar alle som er klar for ny jobb,  både arbeidsledige og jobbskiftarar, om å ta med seg CV i fleire eksemplar og møte i Ulstein Arena torsdag 20. september. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande.

Messa er open frå 12.00 – 15.00.

Du finn ytterlegare informasjon her:

https://www.nav.no/no/Lokalt/More+og+Romsdal/Jobbmesser/Jobbmesse-i-ulsteinvik-20.september-2018

Kontaktpersonar:

  • Anders Norvald Hammer, leiar NAV Hareid og Ulstein. Tlf 416 35 839
  • Oddvor F. Hovden, marknadskoordinator for NAV-kontora på Søre Sunnmøre Tlf. 482 52 094
Publisert av Bente-Kristin. Sist endra 14.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering