Kvalitetsplan for sektor for opplæring og oppvekst

Kvalitetsplan 2017- 2020 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvalitetsplanen for opplæring og oppvekst vart vedteke av kommunestyret 26.01.2017, og no har planen kome frå trykken. 

Leiarar sektor OO.jpg - Klikk for stort bilete

Eit heilt år har tilsette i sektoren og driftsstyret som eigar av tenestene, arbeidd med kvalitetsplanen for sektoren. Planen har som mål å vere ein felles plattform som på tvers av ulikt lovverk knyter teneste i sektoren saman, ein sektor som har ansvar for svangerskaps- og barselomsorg, helsestasjon og skulehelseteneste, barnehage, grunnskule inkl SFO, kulturskule og vaksenopplæring inkl busetjing og kvalifisering.

Planen sin visjon, Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer, skal gje alle tilsette noko å strekke seg etter i det daglege arbeidet, og alt arbeidet i sektoren skal vere forankra i planen sine verdiar.

Leiarane i sektoren var samla 9. mars for å arbeide med planen. Leiarane vil arbeide vidare med planen med sine tilsette og med foreldre i rådsorgana.

Gruppearbeid.jpg - Klikk for stort bilete

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Stort engasjement i arbeidet med planen
Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 15.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering