Ledig stilling som kommunalsjef for Sektor samfunnsutvikling

Volda sentrum - Klikk for stort bilete

Er du ein leiar som brenn for samfunnsutvikling? Da kan vi tilby ei spennande stilling i eit utviklande miljø.

NyeVolda.png - Klikk for stort bilete Hornindal og Volda kommunar skal slå seg saman og den nye organisasjonen skal vere operativ 1. januar 2020. Dette vil krevje leiarar som er ei drivkraft i omstillingsprosessen, som kan vidareføre beste praksis og syte for utvikling. Digitalisering, kompetanseutvikling og sysselsetting er nye Volda kommune sine satsingsområde, og den som får stillinga vil få ei viktig oppgåve med å realisere desse satsingane. Stillinga som kommunalsjef er nyoppretta og skal leie Sektor for samfunnsutvikling. Vi søkjer ein engasjert leiar som har motivasjon og kapasitet til å byggje og leie ein ny sektor med eit viktig mandat.

 

Om stillinga

Vi ønskjer å løfte og samordne kommunen sitt utviklingsarbeid og prosjektgjennomføring. Sektoren har eit særskilt ansvar for at nye Volda kommune er i stand til å møte samfunnsmessige endringar og utfordringar, herunder befolkningsutvikling, bustadbygging og offentleg infrastruktur. Volda skal vere ein næringsvennleg kommune med fokus på den aktive rolla som tilretteleggjar for næringsetableringar og oppfølging av eksisterande næringsliv.

Kommunalsjefen skal i perioden fram mot 2020 vere prosjektleiar for bygginga av Sektor for samfunnsutvikling. Kommunalsjefen skal i den nye kommunen leie og vidareutvikle eit tverrfagleg kompetansemiljø, der evna til å spele på ulike fagkompetansar for heilskaplege løysningar vert lagt vekt på. Sektoren vil levere tenester til einingar internt i kommunen, og tenester til innbyggjarar og eksterne verksemder. Evne og vilje til samarbeid er såleis ein føresetnad for å lukkast i rolla.

Stillinga inngår i rådmannen sitt strategiske leiarteam som har fokus på heilskapleg og samordna utvikling av kommunen som tenesteleverandør, forvaltningsorgan og samfunnsutviklar. Kommunalsjefen har særleg ansvar for områda plan og forvaltning, næring, bygg og eigedom, brannvern og kommunalteknikk. Dette inneber og eit overordna ansvar for om lag 120 medarbeidarar.

Vi søker deg som er lyttande, målretta og utviklingsorientert, og som har gode føresetnader til å lykkast som leiar. Evna til å utøve sunn økonomistyring med fokus på mulegheiter, kombinert med driftserfaring og gjennomføringskraft, vil vere ei styrke i stillinga.

Kvalifikasjonar: 
- høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- ønskjeleg med leiarutdanning
- relevant leiarerfaring frå overordna nivå
- ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing og overordna planprosessar
- ønskjeleg med innsikt i offentlege avgjerdsprosessar og samspelet mellom politikk/adm
- erfaring frå budsjettarbeid og økonomistyring
- gode evner til kommunikasjon og samhandling
- har stort engasjement og evna til å bygge lag

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby deg:

  • Ei interessant og utfordrande stilling i ein organisasjon i utvikling
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Søknadsfrist: 27. august 2018

Stillings-ID 970

Intervju: det er planlagt intervju den 5. og 7. september. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldane tariffavtale, lover og reglement. Tilsetjingsavtale vert inngått med 6 månaders prøvetid.

For nærare opplysningar, kontakt:
Rådmann Rune Sjurgard tlf 900 53 752
Regionansvarleg Search & Selection, Personalhuset Ivar Morten Normark tlf 975 01 433.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, CV må fyllast ut i søknaden.

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.

 

Publisert av Bente Engeseth. Sist endra 31.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering