Manntalet 2017 til offentleg ettersyn

Vallogo - Klikk for stort bilete  

I år er det stortingsval. Valdagen er 11. september. For å kunne stemme må du stå i manntalet. Manntalet er eit register over dei som har stemmerett.

Du kan no kontrollere om du er innført i manntalet, som er lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret. Ta kontakt med kommunen, enten over telefon 70 05 87 00, e-post postmottak@volda.kommune.no eller ved oppmøte på servicekontoret (09:00-15:00).

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagde ut, kan du klage til valstyret som skal oppdatere manntalet. Klaga skal vere skriftleg.

Du blir innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 30. juni 2017.

 

Sist endra 21.07.2017 09:59
Fann du det du leita etter?
Eksterne lenker
Login for redigering