Markering av «kva er viktig for deg»-dagen på omsorgssenteret

Kva er viktig for deg-dagen.jpg - Klikk for stort bilete Forbetringsteamet og Kvardagsrehabiliteringsteamet spurte spørsmålet: Kva er viktig for at dette blir ein god dag?

Boble-rune.jpg - Klikk for stort bilete

Både nasjonalt og internasjonalt blir «Kva er viktig for deg»-dagen markert i dag, onsdag 6. juni.

Målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og brukarane av desse tenestene.

I Volda kommune starta markeringa av denne dagen på omsorgssenteret, der fleire kom innom "standen" til Forbetringsteamet og Kvardagsrehabiliteringsteamet som hadde funne seg ein triveleg krok i Kaffistova.

- Vi ønskjer å setje fokus på spørsmålet "kva er viktig for deg?". Det er ei kampanje som vart sett i gang for at brukarane sine røyster skal bli høyrde og at vi som leverer helsetenester skal hugse å ta med desse røystene når vi tildeler tenester og yter helsehjelp, seier Ingeborg Mork Håskjold, som er teamleiar for heimetenesta.

For å markere denne dagen, hadde kvardagsrehabiliteringsteamet og forbetringsteamet sett opp ein stand på omsorgssenteret. På standen kunne ein få vite meir om til dømes kvardagsrehabilitering og gode pasientforløp.

Som eit tiltak for å gjere folk meir bevisste for kva som er viktig for kvar enkelt, stilte arrangørane av markeringa det enkle - og kanskje også vanskelege - spørsmålet: Kva er viktig for at dette blir ein god dag?".

Dei som ønskte kunne skrive ned kva som var viktig for dei i kvar si boble, og henge dene opp på veggen.

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard, var også til stades på markeringa og hengde sjølvsagt opp kva som var viktig for han (sjå bilete lenger oppe).

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 06.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering