Musikk for born - kurs for dei minste

Babysong - Klikk for stort bilete

Kulturskulen set etter påske i gang tre ulike kurs for born i førskulealder. Kursa bli leia av Tone Rustestuen Aarhus som har lang erfaring med denne type kurs. Bruk søknadsskjemaet "søknad om elevplass" som du finn på Volda kommune sin web: https://www.volda.kommune.no/kulturskulen/ 

Kurs 1.
Musikk frå livets byrjing (0-1 år) Tysdagar kl. 11 - 12. 

”Musikk frå livets byrjing” er eit musikktilbod for dei aller minste barna saman med foreldre/føresette.

Kurs 2. 
Musikk for dei aller minste (2-3 år) torsdagar kl. 17 - 18. 
I musikkgruppa for dei minste er barn og vaksne saman om gode musikkopplevingar. 
Det vert ikkje stilt krav til forkunnskapar. Di røyst er den vakraste røysta og din song den beste musikken for ditt barn.

Kurs 3. 
Småbarnsang (2-4 år) Torsdag kl. 18 - 19. 
For barn frå 2 til 4 år tilbyr vi også musikkgrupper. 

Også på desse kursa er det dei gode musikkopplevingane som barn og vaksne har saman som står i fokus. Musikkundervisninga er lagt opp med tanke på å nå barna på deira utviklings¬trinn. Leik står i sentrum, og målet er framleis å fremje musikkinteressa og songgleda til dei små. 

Kulturskulen - søknad om elevplass

Musikalsk - Klikk for stort bilete

Sist endra 17.03.2017 10:22
Fann du det du leita etter?
Login for redigering