Namnenemnda går for Volda

Jørgen Amdam (t.v.) og Stig Olav Lødemel tek imot innstillinga frå namnenemnda, her representert av leiar Jon Tvinnereim.JPG - Klikk for stort bilete Torsdag kveld la namnenemnda fram si innstilling til namn på den nye kommunen.

Leiar for nemnda, Jon Tvinnereim, fortalde dei frammøtte på Smia i Hornindal at dette har vore eit viktig arbeid. Ikkje minst fordi det er eit tema som mange engasjerer seg i.

- Det kan vere starten på eit godt samarbeid, eller det motsette. Namnet på kommunen har med identitet å gjere. To namn skal erstattast med eitt, og då må ein godta og like namnet på heimkommunen, fortalde Tvinnereim. 

I hovudsak var dei to forslaga Volda og Kviven særleg trekt fram blant innsende forslag, og komiteen valde å ta dette som utgangspunkt.

To omsyn

Det var to omsyn som vog tyngst i arbeidet med å velje eit namn for den nye kommunen. Det var ifølgje Tvinnereim at opphavet til Volda har eksistert lenger enn Hornindal, i tillegg til at det er tradisjon for at namnet til den største kommunen vert namnet som blir beheldt i ei samanslåing.

- Konklusjon: ei samrøysta namnenemnd føreslår at kommunenamnet vert Volda, stadfesta Tvinnereim.

Begge dei to ordførarane var til stade på overleveringa, og var godt nøgde med utfallet av arbeidet som namnenemnda har gjort hittil.

- Eg støttar forslaget fullt ut. Det er heilt sikkert mange som er nøgde, og sikkert nokon som er mindre nøgde. Volda er eit nasjonalt og internasjonalt kjend namn. Det tenar vi på å ta med vidare, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel, og legg til at han synest Volda har vore flinke til å vise likeverd hittil i prosessen. 

God drøfting

Volda-ordførar Jørgen Amdam ville nytte høvet til å takke nemnda for arbeidet så langt, og ønskte også nemnda lykke til vidare med resten av arbeidet med å kome med innstilling til nytt kommunevåpen og ordførarkjede.

- Nemnda har hatt ei god og seriøs drøfting i valet på innstillinga si, og eg sluttar meg til Lødemels synspunkt. Vi skal snakke med fylkesmannen fredag, og vil då gå gjennom vidare søknadsprosess, utdjupa Amdam.

Prosessen vidare no er at innstillinga skal opp i både den mellombelse fellesnemnda, og så skal innstillinga ifølgje Amdam røystast over under det felles kommunestyremøtet 1. juni. 

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering