Ny bil til Dravlaus brannstasjon

Ny brannbil til Dravlaus brannstasjon - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Tysdag kveld fekk mannskapet ved Dravlaus brannstasjon opplæring på og overlevert ny brannbil.

Ny bil til Dravlaus brannstasjon - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Bilen er ein VW transporter levert av Egenes brannteknikk.

Den er utrusta med eit UHPS slokkeanlegg (ultra high pressure system). Dette er eit topp moderne slokkesystem som gjer at ein med hjelp av høgt trykk og tilsetting av skumvæske får  høg slokkeeffekt sjølv med små vassmengder.

For å halde vekta på bilen nede er vasstanken berre på 200 liter. Men med UHPS anlegget får ein slokkeeffekt tilsvarande over 2000 liter vatn. Dette gjer at ein raskt kan sette i gong slokkearbeidet, og kan klare å slå ned ein brann før den får utvikla eller spreidd seg. Ein vil sjølvsagt fortsatt vere avhengig av å hente vatn frå kum eller anna vasskjelde og bilen har i tlllegg med både pumper, brannslangar og anna matriell.

Bilen erstattar ein pick-up frå 1985 og vert ei vesentleg styrking av beredskapen på vestsida.

På Dravlaus har vi ein engasjert og dyktig gjeng som gjer ein viktig jobb for beredskapen i kommunen, seier brannsjef Roy Inge Heltne.

Men minner likevel om at god beredskap ikkje må vere ei sovepute for innbyggarane. Branntryggleik i heimen er kvar enkelt sitt ansvar og vi må hugse å sikre oss så godt som råd slik at brann ikkje oppstår. Det er viktig å ha rikeleg med røykvarslarar slik at vi vert varsla og kjem oss ut i tide ved evt brann. Men å ha lett tilgong til slokkeutstyr, kontrollere dette og ha gode rutiner for å unngå at brann oppstår er like viktig.

Brannsjefen ynskjer til lukke med ny brannbil, men håpar at det vert ein bil det vert lite bruk for. 

Publisert av Inger-Johanne Johnsen. Sist endra 21.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering