Nye Øyra skule - delovertaking av nybygget

Fasade Nye Øyra skule mars 2017  - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Volda kommune tok over nybygget ved Øyra skule den 8. mars. Dette er den første av tre deloverleveringar i prosjektet med bygging av Nye Øyra skule.

Skulen planlegg si overflytting frå den gamle skulen til nybygget omkring 20. mars.

Prosjektplanen vidare er rehabilitering av paviljongen, sanering og riving av den gamle skulen og vidare opparbeiding av uteområdet på arealet der gamleskulen ligg i dag.

Paviljongen er planlagt ferdig rehabilitert til 1.august.17 og uteområdet er planlagt ferdig opparbeida innan medio oktober 2017.

 

Kontaktperson Volda kommune:

Anne-Mari Falkevik, prosjektleiar, tlf 468 27 981

Klasserom Nye Øyra skule mars 2017 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Gang klasseromsfløy Nye Øyra skule mars 2017  - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Amfi Nye Øyra  - Klikk for stort bilete

Publisert av Inger-Johanne Johnsen. Sist endra 15.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering