Nye Øyra skule. Status for prosjektet pr. primo august 2017

Nye Øyra skule - Klikk for stort bileteNye Øyra skule Bente Kristin Krøvel

Etter at skulen tok i bruk nybygget, har entreprenøren i løpet av våren og sommaren renovert paviljongbygget fullstendig både innvendig og utvendig. I samsvar med kontrakt tok kommunen over paviljongen frå entreprenør den 01.08. Paviljongen framstår med ny planløysing, nye tekniske installasjonar og oppgraderte konstruksjonar både i veggar og yttertak. Sambandet frå paviljongen over til nybygget er også etablert i løpet av sommaren.

Små etterarbeid går føre seg akkurat no, men paviljongen vil vere klar slik at skulen kan ta den i bruk ved skulestart.

Paviljongen Øyra skule - Klikk for stort biletePaviljongen Øyra skule A-M Falkevik

Paviljongen inneheld lokalar for Kunst & Handverk og helsesøster.

Sløydsal Øyra skule - Klikk for stort bileteSløydsal Øyra skule A-M Falkevik

 

Klasserom Øyra skule - Klikk for stort bileteKlasserom Øyra skule A-M Falkevik

Utvendig held entreprenør fram med  arbeida for å opparbeide vegsystem og nytt utomhusområde på tomta til den gamle Øyraskulen. Alle arbeid i prosjektet er planlagt å vere ferdigstilt innan medio oktober 2017.

Arbeid uteareal Øyra skule - Klikk for stort bileteArbeid uteareal Øyra skule A-M Falkevik

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktperson for Volda kommune
Anne-Mari Falkevik
Prosjektleiar
Tlf 46827981

 
Sist endra 11.08.2017 12:58
Fann du det du leita etter?
Login for redigering