Nye Volda søkjer kommunalsjef for samfunnsutvikling

Kommunevåpenet for nye Volda kommune. - Klikk for stort bilete Er du ein leiar som brenn for samfunnsutvikling? Da kan vi tilby ei spennande stilling i eit utviklande miljø.

Hornindal og Volda kommunar skal slå seg saman og den nye organisasjonen skal vere operativ frå 1. januar 2020.

Dette vil krevje leiarar som er ei drivkraft i omstillingsprosessen, som kan vidareføre beste praksis og syte for utvikling.

Ei heilt nyoppretta stillinga som kommunalsjef er no tilgjengeleg i organisasjonen, og denne personen skal leie Sektor for samfunnsutvikling.

Digitalisering, kompetanseutvikling og sysselsetting er nye Volda kommune sine satsingsområde, og den som får stillinga vil få ei viktig oppgåve med å realisere desse satsingane.

Kan dette vere noko for deg?

For meir utfyllande detaljar kan du finne fullstendig stillingsannonse under ledige stillingar.

Søknadsfrist: 27. august 2018

Det er planlagt intervju den 5. og 7. september. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 06.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering