Open anbodskonkurranse


Datamaskin.png - Klikk for stort bilete

Kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Volda skal kjøpe nytt felles oppvekstadministrativt system som skal brukast i administrasjonen av skule, sfo og barnehage i desse kommunane.

Systemet skal vere effektivt, ha god brukarvennligheit og skal vere eit godt styringsverktøy. Systemet skal kunne handtere dei arbeidsoppgåver som gjeld i dag og det skal vere førebudd på framtidige moglegheiter. Systemet skal driftast av SSIKT.  Fullstendig skildring av leveransen følgjer av kravspesifikasjonen.

Konkurransen vert gjennomført som open anbodskonkurranse.

Tilbodsfrist:  21.08.2017, kl 10.00

Sjå www.doffin.no for fullstendig utlysing og tilgong til anbodsdokumenta.

Skuleleiar

Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 06.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering