Organisasjonsutvalet er igang

Stig Olav Lødemel og Jørgen Amdam var nøgde med første møtet i organisasjonsutvalet. - Klikk for stort bilete  Arbeidet med å danne den nye politiske strukturen har starta.

Torsdag hadde medlemmane i organisasjonsutvalet oppstartsmøte. Dette utvalet har blitt sett saman av representantar frå både Hornindal og Volda kommunar for å arbeide med den nye politiske strukturen i den nye kommunen.

Desse representantane er Jørgen Amdam (leiar), Rebecca Riise Bjerknes og Arild Iversen frå Volda, og Eldar Engelund, Per Maurset og Stig Olav Lødemel frå Hornindal.

Volda-ordførar Amdam var glad over at utvalet no har fått møtest for først gong.

- Det var viktig å endeleg kome igang. Vi må tenke innovativt, for dette skal jo bli ein heilt ny organisasjon, påpeikar Amdam.

Brei einigheit

Hornindal-ordførar Lødemel seier det var eit godt møte, som denne gongen vart arrangert på rådhuset i Volda.

- Det gjekk eigentleg som forventa. Det var ingen store ueinigheiter, og vi var relativt einige, stadfester Lødemel.

Og allereie på første møtet var det ei brei einigheit kring storleiken på det nye kommunestyret, som organisasjonsutvalet var samde om at bør vere på 33 medlemmar. Dette samsvarar også med intensjonsavtalen.

Eit punkt organisasjonsutvalet ønskjer å diskutere litt meir er storleiken på formannskapet, som truleg vert på anten 9 eller 11 personar.

Usikre på kommunedelsutval

Eitt av dei største samtaleemna under møtet var om den nye kommunen skal ha grendeutval eller kommunedelsutval.

Båe ordførarane ønskjer å vere forsiktige med å ta i bruk kommunedelsutval, då dei argumenterte for at dette kanskje ikkje var nødvendig.

Organisasjonsutvalet var positive til å då heller ta i bruk grendeutval, men ønskte å diskutere dette litt nærmare før ei endeleg avgjersle vert teken.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 12.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering