Pressemelding: Mindreforbruk i Volda kommune

illustrasjonsbilde-kroner.jpeg - Klikk for stort bilete Volda kommune får eit mindreforbruk på 39,9 mill kroner i 2017. Kommunen brukte oppsparte midlar på 18,9 mill for å få dette resultatet. 

Om Volda kommune ikkje hadde tatt inn denne inntekta ville mindreforbruket vore på 21 mill kr.
 
Mindreforbruket kan forklarast ved at kommunen fekk vesentleg høgare skatteinntekter og rammetilskot frå staten, men den største forklaringa ligg i at pensjonskostnaden vart 15,9 millionar lågare enn budsjettert. 
 
Sektorane har jamt over hatt god oversikt og oppsummert vart det også eit mindreforbruk på drifta. 
 
Utfordringa er at skatt og pensjon er ytre forhold som kommunen ikkje påverkar og heller ikkje har full oversikt over endelege tal før ved årsslutt. 
 
Det er kjekt å rapportere positive tal for 2017. Mindreforbruket styrkar fondskapitalen som gir handlingsrom i åra framover, og gjer det mogleg å få fram dei store investeringsprosjekta som er planlagt. 
 
I gjeldande økonomiplanperiode er det eit ønskje om å få på plass ny ungdomsskule, idrettshall, symjehall, kino/kultursal, nye næringsområde, bustadfelt m.m.
 
Rekneskapen for 2017 er ikkje ferdig revidert og det må derfor takast atterhald om endringar når revisjon er avlagt. 
 
Kontaktpersonar:
1. Økonomisjef Kari Mette Sundgot – tlf 90601680
2. Rådmann Rune Sjugard – tlf 90053752
 
Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 13.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering