Rådmannen føreslår uendra eigedomsskatt i 2018

Pengar. - Klikk for stort bilete

Pressemelding:

I dag legg rådmann Rune Sjurgard fram budsjettet for kommunestyret i Volda. Han signaliserer ei stram line i Volda-økonomien, men føreslår likevel at eigedomsskatten ikkje vert auka før i 2021.

Dette for å gi rom for investeringar ved Volda ungdomsskule, idrettshall, svømmehall og kino- og kultursal.

Perspektivmeldinga frå regjeringa peikar på vekst i pensjons- og demografiutgiftene som dei største utfordringane. Ein vert derfor nøydd til å effektivisere og auke produktiviteten i offentleg sektor. Elles vil skattane auke og offentlege velferdsoppgåver vert privatisert.

I statsbudsjettet for 2018 er auka bruk av oljefondet justert ned til 6 mrd. Frå årtusenskiftet har det årlege påslaget gjennomsnittleg vore om lag 11 mrd.

Volda kommune må ta innover seg den sentrale politikken. For også i Volda er det demografien, med auka tenestebehov i pleie og omsorg, som er hovudutfordringa framover.

Auka effektivitet og produktivitet i åra framover inneber meir teneste for kvar krone i heile kommunen. Dette må omsetjast i nye arbeidsmåtar, ny organisering og færre skular og barnehagar, elles vil eigedomsskatten måtte aukast i tråd med regjeringa sitt signal om auka skattetrykk dersom ein ikkje lykkast på landet. Dei statlege overføringane til kommunen er utmålt etter tenestebehov i samsvar med folketalsutvikling og busettingsstruktur. Volda kommune må tilpasse tenestene etter dette.

Kommunesamanslåinga styrkar handlingsrommet
Volda kommune får ein vekst i frie inntekter på kr 15,8 mill frå 2017 til 2018. Utan vedtak om  kommunesamanslåing, ville veksten ha vore om lag 7 millionar lågare.

Budsjettforslaget har i hovudsak teke høgde for dei nasjonale satsingane innanfor rusfeltet, førebyggjande tiltak for barn/unge og tidleg innsats. Når ein legg til grunn framskriving av løn, pensjon og kapitalutgiftene, så må drifta subsidierast med bruk av driftsfond.

Samstundes er det føreslått effektiviseringstiltak for å frigjere midlar til attendeføring til driftsfondet i økonomplanperioden. Med andre ord går fondsbruken ned i høve til dagens nivå.

Det er gjort eit grundig arbeid med grunnlaget for framskriving av drifta, både for å fange opp inntektene og ei kritisk nedjustering av drifta i alle tenestene. Det er derfor ikkje lagt inn auka eigedomsskatt i 2018. Samstundes må det presiserast at eit så stramt driftsbudsjett inneber risiko for ubalanse i driftsåret.

Færre flyktningar
I tråd med landet elles vil Volda busette berre 14 flyktningar neste år. Dette er om lag ein tredjedel samanlikna med i år.

Dette inneber vesentleg reduksjon i inntekter, og det må gjerast tiltak for å redusere utgiftene tilsvarande i åra framover.

Effektivisering
Det er innarbeidd 31, 9 mill i tiltak for å redusere driftsutgiftene dei komande fire åra. Dette gjeld nedbygging av tenesteapparat knytt til flyktningar, forventa gevinst av digitalisering, og omstilling, samt forslag om samordning av skular og barnehagar for å tilpasse tenestene etter utviklinga i busettings- og befolksningsstruktur.

På bakgrunn av gode erfaringar med tverrfagleg samarbeid og interkommunalt barnevern med styrka fagmiljø og førebyggjande arbeid, har vi kunna redusert utgiftene ved at ein kjem tidlegare inn overfor utsette barn og unge.

Investeringar
Investeringsnivået er teke ned i høve gjeldande økonomiplan, men er likevel ambisiøst med 367 mill for heile perioden. Lånegjelda vil auke med 279 mill til 1,2 mrd i 2021. Av denne gjelda er 4 % knytt til lån på sjølvkostområdet og belastar ikkje kommunen sin økonomi.

Trenden i folketalsutviklinga held fram med vekst i sentrum og nedgang i dei fleste bygdene. Dette medfører press på infrastrukturen i sentrum/Mork-området.

Dei større investeringane i økonomiplanperioden er:

  • IKT og digitalisering (digitalisering i skulen og velferdsteknologi)
  • Bustadfeltet Urbakkfoten med tilhøyrande veginfrastruktur
  • Opparbeiding av Rotset næringsområde
  • Rehabilitering/tilbygg Volda ungdomsskule
  • Ny sentrumsbarnehage
  • Omsorgsbustader
  • Idrettshall (investeringstilskot til Volda Campus Arena)
  • Svømmehall
  • Kino og kultursal
  • Reinsanlegg og vassforsyning ut får avløps- og vassrammeplanen

Eigedomsskatten er foreslått auka til 3 promille i 2021 for å finansiere dei større samfunnstiltaka.

Volda kommune har større etterslep på investeringar innanfor vatn og avløp. Dei største investeringane er knytt til reinseanlegg for sentrum og Mork-området. Samla sett vil etter kvart føre til auka gebyr.

Geologiske vurderingar tilseier at det bør gjerast førebyggjande tiltak i for sikring av elvar og nedløpssystem frå Melshornsida i Volda sentrum. Vi har fått avslag på søknad om statlege tilskot på grunn av for låge nasjonale rammer til førebyggjande tiltak mot flaum og skred. Dette er tiltak som er for store for Volda kommune utan statlege tilskot, og det vil i løpet av 2018 verte lagt fram eiga sak på korleis ein skal arbeide vidare med dette.

Større driftstiltak i 2018

  • Styrking av driftsramma til opplæring/oppvekst, helse/omsorg og teknisk for å oppretthalde dagens nivå
  • Styrking av tenesta for rus og psykisk helseteneste
  • Auka ressurs til PPT i samband med interkommunalt kontor
  • Styrking til tidleg innsats i barnevernet

For å få plass til tiltaka har sektorane måtta skore ned og omstilt i drifta.

Volda kommune fram til 2020
Dei to siste åra i økonomiplanen vil gjelde for den nye kommunen. Ettersom ny kommune må overta drifta frå dei gamle kommunane, må framskriving med nye tiltak også for desse åra visast.

Fellesnemnda for kommuneprosjekta skal gi uttale til kommunebudsjetta for både Volda og Hornindal. Fellesnemnda skal også handsame eitt eige prosjektbudsjett for kommunesamanslåingsprosessen der ein skal ta stilling til kva dei 20,5 mill i statleg tilskot skal gå til.

Framtida handlar om endring og prioritering
Vi står overfor store endringsprosessar både med å byggje ny kommune, men også endringsprosessar i dagens Volda for å ta ned drifta og finne nye måtar å arbeide på innanfor ulike felt. Dette må kombinerast med strenge prioriteringar der ein må seie nei for at noko skal prioriterast.

Det har vore breie diskusjonar i rådmannen si leiargruppe om prioriteringane. Den administrative toppleiinga er innstilt på at ein må ta ut potensialet i eiga drift før ein kan be om nye stillingar. Dette gjeld også innanfor sjølvkostområdet (vatn og avløp)

Dei krevjande prioriteringane og omstillingsprosessane krev god dialog i høve til brukarane, gode prosessar på tvers i organisasjonen og mellom politikarane og administrasjonen. 

 
Sist endra 09.11.2017 16:03
Fann du det du leita etter?
Login for redigering