Reguleringsplan til offentleg ettersyn - E39 Volda-Furene i Volda kommune

E39 Volda -Furene.png - Klikk for stort bilete Formannskapet i Volda kommune har i møte 02.10.2017 vedteke å legge reguleringsplan for E39 Volda-Furene, sak PS 152/17, ut til offentleg ettersyn.

Formålet med områdereguleringa er å skaffe formelt plangrunnlag til å etablere ny E39 i tunnel mellom Volda og Furene. Tiltaket utløyser behov for å gjere endringar på lokalvegnettet i Volda for alle trafikantgrupper og ein har i tillegg regulert areal for framtidig utvikling innan bustader og næring, samt offentleg og privat tenesteyting. I Furene er det teke omsyn til noverande landbruksareal og tilhøvet
til hjortetrekket i området.

Berørte partar og offentlege faginstansar vert direkte tilskrivne. I samband medhøyringa vert det arrangert eit orienteringsmøte på Uppheim forsamlingshus 6. november kl. 18.00. Det vert open kontordag på Volda rådhus 7.november kl. 12.00-17.00.

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 09.10.-24.11.2017 på
Volda rådhus og hos Statens vegvesen i Ålesund. Plandokumenta er også
tilgjengelege på heimesida til kommunen www.volda.kommune.no og på
www.vegvesen.no under vegprosjekter/høringer vegprosjekter.
 
Merknadar til reguleringsplanen skal vere skriftlege og sendt innan
24. november 2017 per e-post til firmapost-midt@vegvesen.no eller
per brev til: Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde.
 
Ev. spørsmål om planarbeidet kan rettast til planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 22 07 30 00, e-post astrid.stavseng@vegvesen.no eller planleggar Per Heltne i Volda kommune, tlf. 70 05 87 00, e-post per.heltne@volda.kommune.no.
 
Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova §12-10. Planen er utarbeidd etter §§12-2 og 3-7.
Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 10.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering