Renovasjonsforskrift for Volda og Ørsta kommunar – høyring av endra forskrift

Avfallskonteiner.png - Klikk for stort bilete

Volda formannskap har i møte den 27.06.17 gjort vedtak i PS 117/17 arkivsaknr. 2012/1159, om å legge Renovasjonsforskrift for handsaming m.v. av avfall og slamtømming ut på høyring i 8 veker, jf. Forvaltningslova §37.

Hovudendringa i framlegget: Auka utnytting og gjenvinning med etablering av obligatorisk henteordning for organisk avfall (matavfall) og glas- og metallavfall. Hentefrekvensen på restavfall og papir blir auka.   

Dokumenta vert lagt ut på servicekontoret Volda rådhus, frå 7.07.2017  til 1.09.2017.

Merknader til forskrifta kan sendast til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda; eller som e-post til postmottak@volda.kommune.no innan 1.09.2017.

Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 12.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering