Rettleiar for leike- og aktivitetsområde – dokument til høyring

Formannskapet i Volda har gjort vedtak om å sende «Rettleiar for leike- og aktivitetsområde» ut til høyring. Dokumentet inneheld mellom andre krav og retningsliner knytt til leike- og aktivitetsområde, og skal ligge til grunn for kommuneplanen sin arealdel og framtidige reguleringsplanar.

aktivitetsområde - Klikk for stort bilete Regine Aklestad

Målet med arbeidet er å:

  • medverke til tydelegare retningsliner for leike- og aktivitetsområde i kommunen.
  • medverke til å auke kvaliteten på leike- og aktivitetsområda i kommunen.
  • inspirere og gi gode døme til innhald og utforming av leike- og aktivitetsområde.

Dokumentet er tilgjengeleg her. (PDF, 2 MB)

Alle som vil kan kome med innspel til dokumentet. Innspel kan sendast som brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller på e-post til postmottak@volda.kommune.no innan 16. juli 2018.

Merk innspel med saksnummer 2018/1063.

Sist endra 14.06.2018 14:33
Fann du det du leita etter?
Login for redigering