Søk kulturmidlar innan 1. oktober!

Volda skulekorps - Klikk for stort bilete Lag og organisasjonar kan no søkje kulturmidlar frå Volda kommune. Fristen for å søkje er 1. oktober 2017.

For å kunne søkje om kulturmidlar, er det eit krav at dei laga eller organisasjonane som søkjer må ha organisasjonsnummer, ope medlemsskap, vedtekter og vald styre.
 
Kulturmidlane er meinte til prosjekt/tiltak og skal ikkje dekke ordinær drift. Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er statsingsområde i Volda kommune, og tenesteutval for oppvekst og kultur vil prioritere tiltak retta mot barn, unge og menneske med nedsett funksjonsevne.
 
Kommunestyret har vedteke 11 prinsipp for tildeling av kulturmidlar, som er lista opp under.
 
Klikk her for å søkje, eller gå til søknadsskjema som ligg i høgremargen av denne sida. Lukke til!
 
Prinsipp for tildeling av kulturmidlar i Volda
 

1) Kulturmidlane skal gå til frivillige lag og organisasjonar i Volda og eventuelle felleslag med nabokommunar.

2) Søkjande lag eller organisasjon må ha organisasjonsnummer, ope medlemsskap, vedtekter og vald styre.

3) Ordinær tildeling av kulturmidlane vert gjort på vårparten kvart år (med unntak av 2017). Søknadsfrist 1. mai. Søknadar som kjem inn etter sett frist får ikkje tilskot ved den ordinære tildelinga.

4) Gjenståande midlar kan fordelast til prosjekt og tiltak som det vert søkt på i løpet av året.

5) Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er satsingsområde i kommunen. Tenesteutval for oppvekst og kultur vil prioritere tiltak retta mot barn, unge og menneske med nedsett funksjonsevne.

6) Kulturmidlane er meinte til prosjekt/tiltak og skal ikkje dekke ordinær drift.

7) Nyskipa lag kan få oppstartstilskot etter særskild vurdering.

8) Det vert ikkje gjeve støtte til reint kommersielle tiltak og arrangement. Det vert heller ikkje gjeve stønad til politiske foreiningar.

9) Søkjar si årsmelding, rekneskap for siste år skal ligge ved søknaden så sant det ikkje ligg føre rimeleg grunn for fritak. For nyskipa lag må protokoll frå skipingsmøte ligge ved.

10) Søknad skal og innehalde prosjektskisse og budsjett for prosjektet/tiltaket det vert søkt midlar til.

11) Det vil verte lagt vekt på og vurdert kor stor sjølvfinansiering søkjaren stiller med. I dette ligg det andre inntekter, dugnad og eigeninnsats m.m.

 
Sist endra 18.09.2017 09:06
Fann du det du leita etter?
Login for redigering