Søk støtte til å rydde opp i marin forsøpling

Marin forsøpling - Klikk for stort bilete

 

No kan frivillige organisasjonar, foreningar, private og offentlege foretak søke om pengar til å rydde opp i forsøpling i havet og langs kysten. Tilskotsordninga for opprydding er i år på 80 millionar kroner.

Fristen for å søkje er 15. februar.  

Tilskotsmidlar kan gå til opprydding både i strandsona, langs elvebreddar og på havbotnen.

Sist endra 12.02.2018 11:47
Fann du det du leita etter?
Login for redigering