Støy frå boring ved Volda nye fergekai

Volda fergekai - Klikk for stort bilete

Prosjektleiar Jan Olav Kaldhussæter i K. Nordang as beklager den uventa sterke støyen som har vore i tilknyting til boring ved Volda fergekai:

Vi vil med dette beklage den uventa ekstremt, sterke støyen som har kome frå boringa ved Volda nye ferjekai.

Denne kom uventa av forhold som ikkje var forutsett. Vi er no ferdige med det partiet.
 
Framdrift vidare:
I inneverande veke (29) skal vi sette 3 stk peler, desse blir sett på djupare vatn og det er forventa at boringa av desse skal gi vesentlig lavere støy.
Onsdag 18/07 ca. kl. 13.00 bores ein pel
Neste pel er planlagt torsdag 19/07
Siste pel før ferien bores fredag 20/07.
 
Det vert opphald i arbeidet i veke 30 og 31.
Arbeidet etter ferien vert starta opp i veke 32.
 
Arbeidet vil gå føre seg innanfor perioden kl 0700 til 1900 på yrkesdager, og 0700 til 1600 på
laurdager.
Det er forventa at boringa blir ferdig i slutten av oktober 2018.
 
Byggherre:
Statens Vegvesen avd. midt
Enterprenør:
K. Nordang AS
 
Med helsing
K. Nordang AS
Jan Olav Kaldhussæter
Prosjektleiar
Publisert av Inger-Johanne Johnsen. Sist endra 18.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering