Temakveld: ”Det gode liv - heile livet”

Open temakveld med musikkinnslag.

Tysdag 28. februar inviterer prosjektgruppa frå palliasjonsprosjektet til gratis temakveld, som er open for alle. Folkemøtet vert heldt på Høgskulen i Volda.

Det gode liv - Klikk for stort bilete

NårTysdag 28.februar 2017 - kl. 18.30
Kvar:  Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, store auditorium

Ope folkemøte 28. februar

Viktige spørsmål denne kvelden blir korleis vi kan betre livskvalitet i den siste fasen av livet, og kor viktig det er med openheit og refleksjon i møte med alvorlig sjukdom og død.

  • «Alvorleg sjukdom kan ramme i alle aldrar og i alle fasar av livet. Det rammar ikkje berre den som blir sjuk. Pårørande, familie, vennar, kollegar og lokalmiljø vert også råka i slike situasjonar”. Dette seier Arne Gotteberg, kommuneoverlege i Volda og Ørsta. 

Det er ikkje alle som kan planlegge livet sitt framover i tid. Mange kjenner på uvisse, og nokre veit at dei ikkje har så lenge igjen å leve. Dei bekymrar seg kanskje for korleis neste dag skal bli, og for korleis det skal gå med dei nære og kjære som blir sittande igjen?

Marie Aakre - Klikk for stort bilete

Marie Aakre, seniorrådgjevar, foredragshaldar og rettleiar i sjukepleie, leiing og etikk, er hovudforedragshaldar. Ho var sentral i etableringa av kreftavdelinga og seksjon for lindrande behandling ved St.Olavs Hospital i Trondheim. Aakre har også motteke fleire prisar for sitt arbeid, og har vore med i fleire offentlige utval og råd i arbeidet for pasientsikkerheit og verdigheit.

 

 

 

Ikkje berre kreft

Det er ikkje berre kreft, men alvorleg sjukdom generelt som blir temaet denne kvelden. Temakvelden er like aktuell for den vanlege ”kvinne og mann i gata” som den er for deg som arbeider som helsepersonell.

  • ”Ein veit aldri kven som blir ramma av en alvorleg sjukdom, og vi kan alle, uavhengig av bakgrunn og kompetanse være gode støttespelarar for menneske som kjem i slike situasjonar og deira pårørande”, seier spesialsjukepleiar Mari-Ann Sævik.

 

Musikk verkar lindrande og trøystande

Vi veit at musikk kan virke både lindrande og trøystande i vanskelige situasjonar i livet. Vi er heldige som har fått med dyktige Venche Vartdal Leite med musikarar som vi er sikre på vil gi oss nydelige musikalske innslag og fin song utover temakvelden.

 

Meir informasjon

Palliasjonsprosjektet er eit felles prosjekt mellom kommunane i sjustjerna på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Prosjektet har som mål å legge til rette, så langt råd er, slik at pasientane skal føle god tryggleik, like god behandling og best mogleg livskvalitet i siste fasen av livet – uavhengig av om ein er på sjukehus, på sjukeheim i eiga kommune eller i eigen heim.  ”Det gode liv – heile livet” er tema for kvelden, og også det prosjektet strekker seg mot.

Temakveld-arrangementet og presentasjonen av prosjektet skjer i samhandling med Høgskulen i Volda (HVO). Informasjon om temakvelden finn du på deira heimeside: http://www.hivolda.no/detgodeliv. Du kan også finne informasjon om arrangementet ved å søke på ”Det gode liv – heile livet” på facebook.

Du er hjartelig velkommen til Høgskulen i Volda for ein fin kveld med nyttig påfyll, siste tysdag i februar.  

Mvh Plangruppa for temakvelden v/ Arne Gotteberg, Anett Skorpen Tarberg, Anne Kristin Rostad, Solfrid Simonnes de Crane, Mari-Ann Sævik og Gina Bøe. 

Sist endra 21.02.2017 13:19
Fann du det du leita etter?
Login for redigering