Temamøte om «Senterstruktur og funksjonsfordeling»

Illustrasjon plan.PNG - Klikk for stort bilete  Tid og stad: 14. mars 2018 kl. 10-16 på Samfunnshuset i Volda 

Volda kommune held på med rullering av kommuneplanen sin arealdel. I dette arbeidet er ”senterstruktur og funksjonsfordeling” viktige tema:

  • Kva vil vi med Volda sentrum i framtida?
  • Kva funksjonar ynskjer vi i Furene og på Rotset?
  • Kva moglegheiter og utfordringar har vi når det gjeld utvikling av handels- og næringsområda våre?
  • Kva skal til for å lukkast med å gjere Volda til ein attraktiv stad å bu for framtidas befolkning?

Målet med temamøtet 14. mars er å sette i gang en diskusjon om desse tema, løfte fram ulike perspektiv og problemstillingar og gje politikarane meir kunnskap for å kunne ta gode avgjersler. Kommunestyret vert innkalla, men møtet er opent for alle og vil vere relevant også for næringslivet, grunn- og huseigarar, studentar og andre.

Det vert servert enkel lunsj.

Påmelding til regakl@volda.kommune.no innan 9. mars.

Lenke til program finn du her. (PDF, 79 kB)

Velkomen!

Publisert av Anne-Margrethe Mo. Sist endra 07.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering