Treningstid sesongen 2017/2018 Søknadsfrist 1. mai

Alle som ynskjer faste treningstider i kommunale idrettslokale (Voldahallen og kommunale gymsalar) sesongen 2017/18 må innan 1. mai ha levert søknad.

Epost til: postmottak@volda.kommune.no,
Brev  til: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller levere i skranken på Volda rådhus.

Søknaden skal innehalde: ønska vekedagar, klokkeslett frå-til, og lokale. Oppgi også kontaktperson m. epostadresse/mobilnr.

Volda HK damer 06.03.16 Foto.Volda HK - Klikk for stort bilete

Leigeprisar:

Lokale i skular/barnehage/andre kommunale bygg: 

Timepris:
Kategori A Klasserom/grupperom/møterom o.l. inntil 150m² Kr 200
Kategori B Gymsalar, bruk av vaksne. Alle grupper (over 18 år)** Kr 200
Kategori C Spesialrom (kjøkken, SFO, Aula, handarbeidsrom) Kr 250
Kategori D Svømmebasseng Kr 350 ** Kommersielle aktørar betalar for alle aldersgrupper. Fysisk aktivitet for born skal fremjast, slik aktivitet knytt til registrerte frivillige idrettslag/organisasjonar betalar ikkje leige for rom i skular/barnehagar fram til 18 år. Dette med unntak av symjebasseng.

Reinhald laurdag Voldahallen: Ekstra reinhald laurdagar i Voldahallen Kr 2.500

Satsar for utrykking av personell: Dersom driftsteknikar på grunn av leigetakars forhold må tilkallast, fakturerast leigetakar for oppmøte. Det same gjelder dersom leigeforholdet medførar auka reinhaldskostnadar (manglande rydding, fjerning av boss, e.t.c). Pris for frammøte Kvardagar Helg driftsteknikar pr. gong Kr 900 Kr 1.200 Pris reinhald pr. påstarta time Kr 600

 

Regulativ gjeldande frå 01.01.2017.

Sist endra 19.04.2017 14:45
Fann du det du leita etter?
Login for redigering