Utbetring Botnavegen

Utbedring Botnavegen - Klikk for stort bilete På delstrekket frå Storelva til Botnasanden går vi no i gang med utlegging av geoduk og nytt berelag. Her er vegen så smal at det ikkje vil vere tilrådeleg å ta seg inn i dette området for publikum.

Medan arbeidet pågår vil vegstrekket vere dårleg eigna for gjennomgangstrafikk, både når det gjeld motorisert ferdsel så vel som mjuke trafikantar.

Duken og berelaget vert lagt ut i heile vegbreidda og vi finn ikkje å kunne frigjere eige trafikkareal for mjuke trafikantar. Anleggsmaskiner har trong for heile vegbreidda. Då dette er ein blindveg, må berelaget tiltransporterast med ryggande lastebilar. Noko som gir dårleg oversikt for sjåførane til entreprenøren.

Desse faktorane medfører at Volda kommune no oppmodar alle mjuke trafikantar som kjem frå Rotsetstranda om å returnere same veg attende frå snuplassen ved Botnasanden. På same tid tilrår vi publikum som kjem frå Rotevatn om å snu/parkere ved parkeringsplass i Vassbotn.

Situasjonen vil endre seg etter kvart som dette arbeidet skrir framover, og trafikantar må utvise fornuftig skjønn i høve kvar det til kvar tid er formålstenleg å snu/stoppe. All ferdsel vil vere på eige ansvar.

Volda kommune ber om at innbyggararane respekterer denne tilrådinga fram til det nye berelaget er avretta og gjort klar for asfaltering. Dette vil ta ei vekes tid.

Publisert av Inger-Johanne Johnsen. Sist endra 13.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering